mandag 2. februar 2009

Heavy clouds, but no rain




På førehand hadde me fått opplyst at i desember skulle det regne, og at januar var den varmaste månaden i Arusha, det skulle vere uuthaldeleg varmt og tørt. Desember var varm, januar var overskya og kald.
Årstidene er ikkje forutsigbare lenger, og regnet uteblir. Dei siste 20 åra har regnet i Tanzania vorte redusert med 15%. Og det lille regnet som kjem, er ofte svært lokalt. I går for eksempel, regna det kraftig heime på Kwa Mrefu, medan Kimandolo var tørt som Mariekjeks. Avstanden mellom desse bydelane er kanskje 4km.
For oss merkast problemet med støv i augene og skitne bygater, samt at straumen går heile tida, sidan straumproduksjonen i Tanzania i hovudsak er vasskraft og magasina er tomme. Litt irriterande kanskje.
For den jamne tanzanianar har problemet eit mykje større omfang. Husdyr døyr av matmangel. Dei få dyra som er igjen kan dei ikkje slakte, og kjøt er blitt luksusvare. "The short rains" i desember var alt for kort, og ein kan ikkje så mais eller ris i tørr jord.
Dei vanlegvis fruktbare områdene rundt Mwanza i nord-aust har ikkje fått nok regn, dette påverker matvaresituasjoen i heile landet. Myndigheitene går offentleg ut og rekner med det blir hungersnaud i løpet av året.
Sidan eg byrja å skrive har det faktisk regna, me får håpe og be om at det blir nok til at "Shambaane" kan dyrke mat igjen. Ellers kan det verte stygt.

torsdag 29. januar 2009

Kilimanjaro

Kilimanjaro. Kibo til venstre, Mawenzi til høgre


Klokka er kvart over to om natta, og GPSen viser 5244 meter over havet.Fem små skritt fylgt av fem pust pause. Fem nye skritt og fem pust pause. Om igjen og om igjen. Sidan eg har GPSen og kontroll på høgdemetrane, går eg først av oss og styrer tempo. Til no har eg gått sakte med vilje, for å ikkje vinne meir enn om lag 160 høgdemeter i timen. Men no går eg på maks turtal, og eg pustar som ein flodhest som akkurat har sprunge ein 3000-meter på under ni minutt. Men me har slettes ikkje sprunge ein 3000-meter, me har gått om lag halvannan kilometer med 500 meter stigning på knapt tre timar. Siste hytte var Kibo Hut, der me med varierande hell prøvde å få i oss litt næring og nokre timar søvn. Hovudguiden vår, Howard, blir utålmodig og vil dele opp gruppa, slik at dei som har krefter og pust til det kan auke farten for å halde varmen. Fire lag tøy på beina og fem på overkroppen klarer ikkje å hindre at eg frys. Me står no ved Hans Meyer Cave, oppkalla etter den første kvite mann som sette sine bein på toppen av Kilimanjaro. Eg presser ned ei kule norsk julemarsipan og ein Mini-Twix for ikkje å gå næringstom i løpet av natta.

Turen starta adskillig meir komfortabelt. Jarle, Henrik og meg kom til Marangu gate 15. januar, utkvilte og fine, med fulle vannflasker og med tomme minnekort på kameraet gleda me oss til å kome i gong med litt ekte friluftsliv. Det kribla i fingrar og tær for å kome i gong. Reint bokstavleg kribla det faktisk i fingrar og tær, men dette er ei biverkning av Diamox, nokre tablettar som me knaska på for anledningen. Eigentleg er medisinen laga for å redusere grå stær, men ei anna biverkning av tablettane er at du taklar høgde betre, og det var denne me var ute etter. Kvelden før vart fekk me ei briefing om turen på Marangu Hotell, med gode råd om kor lang tid me burde bruke på kvar dagsetappe, kor mykje væske me burde få i oss og når me burde slutte å drikke melkeprodukter for å redusere faren for oppkast.
Etter registrering i Nasjonalparken var det i gong, med sekk på ryggen og stav i handa la me i veg på første etappe. Rett nok inneheld sekken kun kamera, vatn og litt ekstra klede, sidan me har eigne bærarar som tar bagasjen vår. Litt uvant i forhold til ein vanleg friluftstur i Norge, me hadde til og med eigen kokk som sørga for varm mat og drikke i tide og utide. Første dag gjekk gjennom regnskog, med høge tre, breie kyr og bråkete apekattar. Fokuset låg på å halde tempoet nede, slik at høgdemetrane ikkje kom for fort. Verken sol eller varme var noko problem, sidan den høge og tette skogen skuggar for sola. Første overnatting var på Mandara Hut, og med lukt av nyslått gras og kløver kunne dette fint vore ei seter i fjell-Norge ein stad. Med unntak av høgden sjølvsagt, på 2700 moh finn du ikkje mange overnattingsstadar i Norge.

Te på Mandara hut

Me vart vekka med te på senga klokka halv sju, og sett vekk i frå eit par skogturar i løpet av natta sov i alle fall eg søtt. Dei nattlege doturane har si naturlege forklaring i at dersom du drikk meir enn fem liter væske om dagen lar det seg ikkje gjere å sove ni timar i strekk utan å lense sjarken.
Dag to starta i same tralt som den førre, med høge trer, frodig landskap, hyppige revirmarkeringar og sakte fart. Det gjekk likevel ikkje lang tid før trea var bytta ut med buskar, og etter kvart fekk vind og sol meir tak. Buskane vart til kaktusar, rett nok litt større enn dei i mor si samling bak fjernsynet heime i stova. (Mor: Eg vil her nytte høve til å beklage at eg ikkje kan namnet på nokon av plantene eg såg, du kunne heilt sikkert brukt ein månad på å betrakte plantene her. Sjå på bildene og finn ut sjølv, det er nok løysninga her). Eg fekk for andre gong i mitt Afrikaopphald bruk for allversjakken under ein regnskur rett før ankomst Horombo Hut, 3780 moh.


Assistentguide og kelner Johnson

Her byrjer høgden å merkast, eg vart litt andpusten av å gå opp bakken etter å ha silt potetene i utkanten av leiren. På Horombo hadde me veldig god utsikt, det er ganske spesielt å sjå langt ned på eit skylag som sakte forsvinn og lar Moshi by 3000 meter lenger nede kome til syne. Etter middag, te og gjentatt gjødsling av ein steinur i nærleiken gjekk eg og la meg, til tross for at Jarle som vanleg prøver å spleise meg med eikvan jente han treff på. Som vanleg er det fånyttes, men du skal ha for innsatsen, Jarle.



Dag tre var ein kvile- og akklimatiseringsdag. Me gjekk berre ein liten tur opp til Zebra Rock, 300 høgdemeter opp til ein stripete fjellknaus, tok nokre bileter, skvetta litt på kaktusane og for ned til leiren igjen. Her vart det tid til ein 100% uoppfordra melodikakonsert for Henrik og Jarle. Om det roa pust og puls hjå det ufrivillige publikum er usikkert, men eg tør vedde barten på at dette var verdens høgastliggjande melodika-cover-versjon av DDE sitt episke mesterverk ”Vinsjan på Kaia”.




Henrik presenterer Zebra rock

Nok ein gong sov eg som ein stein med unntak av to økter for å sikre godt tilsig av Coca-cola sitt flaskevatn i Tanzania; Kilimanjaro. Klippa frå lappen på drikkeflaska: ”The water in this bottle originally fell as snow or rain on top of Africa’s highest mountain, Kilimanjaro.” Med litt kjapp hovudrekning ser ein fort at 20 000 årlege turistar som drikk minst fire liter vatn kvar dag i minst fem dagar legg igjen i størrelsesorden 400 000 liter urin. Men ein sel vel ikkje like mykje vatn dersom det står på flaska: “The water in this bottle originally fell as urine from tourists trying to climb to the top of Africa’s highest mountain, Kilimanjaro.”
Dag fire bar det oppover igjen, me la ut frå Horombo klokka 8 om morgonen. Sakte men sikkert forsvann all vegetasjon, og det einaste me såg av liv var ein musefamilie som hadde kapra lunsjområdet vårt. Me var nok ikkje dei første som hadde spist lunsj her, og musene fekk sikkert rikeleg med mat kvar einaste dag, til tross for at dei befann seg på over 4000 meters høgde.

Joseph, vår eminente guide

Stien inn til Kibo hut. Hytta kan skimtast nede i høgre hjørne.

Etter om lag seks timar kom me fram til siste kvilestad, Kibo Hut. Etter litt te inn og litt te ut gjekk me og la oss, men søvn vart det ikkje mykje av. Delvis på grunn av ei sveitsisk dame på sovesalen vår som vekselvis snorka, hosta og geispa etter luft, men også på grunn av spenning i kroppen. Eg prøvde best mogleg å slappa av i soveposen, og etter å ha høyrt igjennom 5 album på ipoden min var det tid for å sikte mot toppen av Afrika. Eg treng vel knapt å nemne at eg måtte sikte mot utedassen om lag ein gong per ferdighøyrte album.


Naturen kallar


Ein, to, tre, fire, fem steg. Ein, to, tre, fire, fem pust. Lysa til den sveitsiske gruppa avslører at me har vunne om lag 100 høgdemeter sidan pausen ved Hans Meyer Cave. Ein særs tilbakelent måne heng lågt på himmelen og gjev akkurat nok lys til at me ser konturane av denne andre toppen på Kilimanjaro-massivet, Mawenzi. Sakte men sikkert merker me at toppen av Mawenzi ikkje er så høgt oppe som me er! Dette er god motivasjon i eit ellers trist grustak som me har befunne oss i heile natta. Etter å ha kjempa i grustaket i seks timar kjem me endeleg til Gilmans Point, me er på kraterkanten! Men eg er ikkje heilt i stand til å nyte øyeblikket, sidan spyet står i halsen og rumpa byrjer å bli djupfryst. Pusten kjem ikkje tilbake sjølv om eg stopper opp.Eg burde tatt ein bit sjokolade no, men er ikkje i form til det. Ein slurk isvatn er det einaste eg klarer å få ned. Ellers hadde eg sett for meg at dei to kilometrane frå Gilmans point til Uhuru Peak skulle vere ein sjarmøretappe, men her går det opp og ned. 200 nye høgdemetrar skal vinnast før me er heilt på toppen, og når du trur du er på toppen, ser du nokre hundre meter bort til ein ny knaus som er marginalt høgare enn den du står på. Slik fortset det i halvannan time, til klokka er 0651. Howard stopper opp gjentatte gonger, ser meg grundig i augene og spør om eg har det bra. Eg svarer ja, og går vidare. Andpusten, sliten og kald kjem eg meg endeleg til toppen!



Henrik og spesielt Jarle er i mykje betre form enn meg, men ingen er særleg lystne på å bli ståande her oppe. Me ser litt på sola som gliser i aust, Mt Meru som stikk opp i vest, og skyene som dekkjer Kenya i nord. Ein fantastisk utsikt, men eg er liksom litt for sliten til å ta det inn over meg. Etter å ha tatt dei nødvendige bildene hastar me ned igjen, fortsatt er eg ikkje i særleg god form. Melodikaen som sjølvsagt var med blir liggjande ublåst i sekken, etter som eg gløymte den heilt ut. Like greit, berre tanken på å bruke pusten på noko anna enn å få tak i nok oksygen får det til å svimle for meg. Turen tilbake til Gilmans Point går betre, her er det mest nedoverbakke og eg bruker mindre krefter. Me tar ein pust i bakken på kraterkanten ved Gilmans Point, her sit eg og rister, uvisst av kva grunn. Joseph, den andre hovudguiden vår, tar sekken min og me vipper utfor kraterkanten og ned i grustaket igjen.
Her går det ikkje lenge før lufta blir merkbart tjukkare og formen stig betrakteleg. Grustaket er inne i hovudet mitt omgjort til eit skitrekk, med stavar og fjellsko er det faktisk ikkje så langt frå å kjøre telemarkski nedover bakken. Ein finn liksom ein grei rytme og danser nedover i høgt tempo. Den steinura som me brukte 5-6 timar på å klatre opp brukar me ein halv time på å renne ned!
Vel nede på Kibo Hut tar me ein kvil, får middag og går vidare. Det er nemleg best å komme seg ned frå høgden fortast mogleg, og parkmyndigheitene har forbod mot å overnatte så høgt på veg ned frå fjellet. Formen er fortsatt stigande, sett vekk i frå dundrande skallebank og generell utmatting. Kvalmen og pusten har gitt seg, og me har tid og ork til å nyte landskapet me ikkje studerte så nøye på vegen opp.
Vel nede på Horombo ber det rett i soveposen, det er no 32 timar sidan me fekk noko særleg med søvn. Det kjem vel ikkje som eit sjokk at eg søv som ein stein her, sjokket er vel heller at steinura utanfor leiren vart oppvarma med kroppstemperert vatn berre ein gong i løpet av natta.
Morgonen etter ber det vidare nedover, sjølv om beina er stive så går turen ut av parken leikande lett. Me møter mange turistar på veg opp denne dagen, og deira nervøse blikk vert møtt av våre lure smil. Dei veit nok ikkje heilt kva dei går til, tenkjer me høgt i lag. På spørsmål om turen ”var verdt det”, svarer Jarle ja allereie på Kibo, eg drøyer til Horombo medan Henrik ikkje er samd med oss før han sit nydusja og nyt ei kald Kilimanjaro på Marangu Hotel om ettermiddagen.
Ein fantastisk tur er over, og sjølv om det var utruleg flott opp over mot Kilimanjaro, har eg vel konkludert med meg sjølve at det er nok med ein slik tur. Eg er ikkje bygd for å traske rundt i ein halv atmosfæres trykk midt på natta. Men, når inntrykka kjem litt på avstand og eg har memorert dei gode øyeblikka tydelegast, kanskje eg har lyst til å gjere noko liknande?



tirsdag 6. januar 2009

Infield i Uganda og ferie på Zanzibar - no med bilder!






No er det på høg tid med eit blogginnlegg, og det du no les omhandlar infieldkurset i Jinja, Uganda, og juleferie på Zanzibar.
Infieldkurset strakk seg frå 14. til 19. desember, og fann stad i den nest største byen i Uganda, Jinja. 16 Hald-studentar og 2 lærarar fann vegen til dei idylliske breiddene av Viktoriasjøen, der turistbrosjyrane melder at Nilen sitt opphav er. Me leiga like greit eit heilt hotell for oss sjølve, New Daniel Hotel heitte staden som serverte litt laber mat, hadde litt skitne rom men ellers var heilt topp.
I tillegg til forelesningar som er interressante nok men gjer seg dårleg på ein blogg – arrangerte me sykkelturen Tour de Jinja. Utan å gå i detalj kan ein vel trygt fastslå at Team CSC, med Hanne, Helge og kaptein Fredrik i spissen, vann både lagkonkurransen, spurttrøya og samanlagt. Ole Asbjørn fekk æra for moralsk siger, sidan oppladninga bestod i å spy seg gjennom Uganda på tvers, samt å sykle to syklar samstundes på siste etappen.



Dagen etter vart avslutta med strikkhopp, og 8 modige sjeler hoppa 44 meter for å dyppe panneluggen i Nilen. Det var eit kraftig adrenalinkick, sannsynlegvis det kraftigaste eg med vilje har utsett meg for.

Dagen etter bar det mot Kampala, og medan dei andre besøkte ambassaden, sette Henrik og meg oss på flyet og trudde me var på veg til Kilimanjaro International Airport og Arusha. Det viste seg at flyet like greit ”mellomlanda” på Zanzibar, og me tok eit ekstraordinært husmøte og bestemte oss for å hoppe av her. Sjølv om bagasjen vår var pakka for ein seksdagarstur(pluss 100 fotballskjorter som eg grunna overvekt ikkje fekk lenger enn Kampala i oktober), var dette ei avgjersle som var betre enn me fatta omfanget av der og då. Seinare i juleferien, då me skulle bekrefte flybilletten vår heim, fekk me opplyst at Air Tanzania like greit har slutta å fly mellom Arusha og Zanzibar, og at me derfor ikkje har flybillett heim. Strengt tatt har me vel flybillett, men me har ikkje fly. Difor er det grunn til å tru at dersom me hadde fylgt den opprinnelege planen vår, hadde me feira både jul og nyttår i Arusha ufrivillig. Då får ein heller tåle at ein del relativt naudsynte ting vart ståande igjen i leiligheten i Arusha, dette er jo tross alt betre enn å stå igjen i Arusha sjølve. I prioritert rekkjefølgje, så sakna eg ladaren til fotoapparatet, Nidar julemarsipan spesialsendt frå Noreg, musikkspelaren, lommekniven, meir enn tre t-skjorter og reisehandboka mi. For øvrig har eg no forståing for kvifor Nidar byrjer å selgje julemarsipan i september; då har snille systre moglegheit til å sende eit lite stykke juletradisjon til Afrika i god til før jul.
Vel framme på Zanzibar vart me dytta inn i ein overprisa drosje og køyrd til andre sida av øya. Me fekk oss eit rom på Shehe bungalows, ein avslappa stad med akkurat passe mengd skrivefeil i menyen og akkurat nok straumbrudd på rommet.

Etter kvart kom fleire Hald-folk til staden, i alt sju før julekvelden kom. Julekvelden vart feira på Serena Inn i Stone Town, sjølv om ”Marry Christmas Buffer” i restauranten på Shehe Bungalow utvilsomt freista. På Serena Inn fekk me krangla oss til ein heilaftens med to måltider, før julefreden senka seg med midnattsmesse i den lokale katolske kyrkja i Stone Town. Kanskje ikkje heilt som i Hausken Kyrkje, spesielt det faktum det er meir enn 35 grader og maksimal luftfuktighet midt på natta. Når all musikk i tillegg skal akkompagnerast av eit keyboard med rytmeboks og autokomp, vil eg påstå at julestemninga ikkje kom så mykje nærare, men kjekt var det no likevel.



Romjula bestod blant anna i å symje med delfinar, dokumentere adventsbarten grundig(meir om denne seinare) og krangle med ein tysker. Når det nærma seg nyttår hadde ikkje Shehe Bungalows rom i herberget som det heiter, og me hadde reservert rom i ei lodge driven av ein liten, korpulent tysker. Me hadde ei lita interessekonflikt med grunnlag i at han ville ha pengane våre men ikkje gi oss overnattingplass. Me stakk frå regningen, og måtte bruke ein dag av ferien på å finne ein ny plass å bu. Den korpulente tyskeren hadde fortsatt ikkje gitt opp å få tak i pengene våre, og klarte etter omfattande detektivarbeid å spore opp den nye plassen me budde på. Det heile endte i ein relativt høglytt diskusjon i frokostsalen, der han til slutt – med Arnold-akksent – trua med å sende politiet på oss. Me ynskja han lukke til, og då han storma ut dørene hausta me applaus frå ein gjeng brasilianarar på nabobordet som åpenbart sette pris på ein diskusjon med temperatur i samsvar med været på Zanzibar ein desembermorgon.



Etter kvart nærma det seg avreise heim til Arusha, og i Afrika betyr det re-re-rekonfirmasjon av flybillettar. På kontoret til Precicion Air fekk me vite at Air Tanzania som sagt like greit har lagt ned drifta, og at me difor ikkje hadde billett heim. Dermed vart heimreisa litt lenger enn planlagt, første etappe var ferje til Dar-Es-Salaam, og dette gjekk rimeleg greit. Deretter fann me kontoret til Scandinavia busselskap, selskapet er ikkje skandinaviskeigd, men gjer eit poeng ut av at dei kun har Scania-bussar som visstnok skal vere ekstra driftsikre. Her fekk me vite at bussane som skulle gå dagen etter var fulle, og me måtte vente til søndag. Det medførte ein dags ferie i Dar i tillegg, og dagen vart brukt til å handle bøker og spise is. Søndagsmorgon bar det strake vegen til Arusha, 10 timar i buss og vips så var me heime! Og som det heiter: Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Dette blogginnlegget skulle liksom vere krydra med fine bilder av folk og omgjevnadar, men internett er så treigt at det får vente.



Fortsatt godt nyttår!

mandag 5. januar 2009

Adventsbartkonkurranse 08



Her kjem mitt bidrag til bartekonkurransen. Bildet ber preg av at me hadde sett av ein heil dag av ferien på Zanzibar til å dokumentere bartane våre. Sjå også http://kofforharduikkebart.blogspot.com/ for fleire frekke bidrag.

tirsdag 23. desember 2008

Grunna ferieavvikling kan eg ikkje love så heftig oppdatering framover, men frå bungalowen med utsikt til det indiske hav vil eg ynskja alle ei velsigna jul og eit triveleg nytt år!
Det er kjekt at mange fylgjer med på bloggen min, fortsett med det!

mandag 8. desember 2008

Helsing til mor og far på 60-årsdagen.

Denne helsinga vart laga i samband med feiring av mor og far sin 60-årsdag, men blir lagt ut her til allmenn forlysting. God lesing!

Vyrde gjestar og gode jubilantar, her kjem ei helsing frå den einaste i syskjenflokken som i dette augneblink er i utlendigheit. Dei som kjenner familien vår veit at ungeflokken til mor og far ofte har eit ynskje om å reise ut i verda, for å oppleve korleis kloda ser ut utanfor dei trygge rammane ein oppvekst i ro og mak i ei solhelling på Rennesøy kan gje inntrykk av. At heile 4 av 5 ungar er heime og feirar denne dagen i lag med dykk synast eg me skal seie oss nøgde med, og sistemann er med mentalt og på papiret, sjølv om lekamen for tida er plassert i Arusha, Tanzania.

Når me feirer slike runde dagar blir det ofte brukt som ein anledning til å oppsummere kva som har skjedd sidan sist ein var samla i same ærend. Her er det nok å ta av. Ungane har skaffa seg flotte og respektable studielån, om lag tretti årsverk har staten gladeleg lånt bort slik at familien Lauvsnes har vorte lommekjent på eit utval av utdanningsinstitusjonane som finst i Noreg. I tillegg har far og mor vorte farfar, farmor, morfar og mormor! Ikkje verst! Dei siste ti åra har ”gamlingane” på Helland byrja å reise. Vanlegvis er det slik at ungane tek etter foreldrene sine, går i same fotspor og plutseleg finn ut at dei er meir like foreldrene sine enn dei hadde tenkt. Det er nok tilfelle også for denne bølingen, men når det gjeld reising verkar det som om det er den yngre garde som har sett standarden, og så har mor og far tatt etter. Med fare for å gløyme nokre destinasjonar skal eg ikkje freiste å ramse opp alle, men det er i alle fall ikkje feil å seie at lista ligg høgare enn Dyreparken og Danmark som var dei lengste turane medan ungane var små og søte, men dyre i drift og med dårleg tålmod.

Far har til og med feira jul sør for ekvator, meir nøyaktig i Pilanesberg Nasjonalpark nord i Sør-Afrika, med middels hell. Om det var den totale mangel på julestemning – me var på løvesafari i tretti grader på føremiddagen – eller saknet av mor som sat igjen heime på Rennesøy som gjorde utslaget er usikkert, men far verka litt gretten og var openbart ikkje nøgd med julebufféen som vart servert på hotellet. Nokre saueribber vart fortert, men dei var sterkt krydra og likna like mykje på pepperoni som på pinnekjøt. Då det var tid for dessert, ytra far desse orda som etter kvart har vorte ein klassikar som blir repetert kvar gong familien er samla; ”Eg ser kagene og isen, men kor e desserten hen?”

Arusha er ganske annleis enn Rennesøy, det skulle berre mangle. Å bli solbrent på leggane i november er ei rimeleg ny oppleving for meg, det same er å prute på paprikaen samt helst å vere heime før det blir mørkt. Julestemning blir det nok lite av, det næraste ein kjem juletre er ”pimpa” Toyota Hiace-bussar med lys i alle fargar, glitter og dekor inspirert av klubblogoar frå Engelsk Premier Leauge. Men det merkelegaste er kanskje å alltid vere ein attraksjon. Kvar enn du går, blir ingen, ungar som vaksne, lei av å rope ”Mzungu” etter deg. Direkte oversett betyr det europear, men meininga er vel noko slik som kviting. Å svare ”Mafrika”, eller afrikaner, viser seg å vere artig. Folk reagerer ulikt men dei fleste ler og smiler.

Likskapane mellom Rennesøy er kanskje meir oppsiktsvekkjande enn forskjellane. Naboane sel tomater på eit bord på gata, ikkje ulikt sjølvbetjent tomatkiosk heime på Helland. Ved nærare ettertanke er tomatutsalet på Solhaug gartneri kanskje meir eksotisk enn eg tidlegare var klar over. Det er kyr som rauter om morgonen og kyllingar som piler mellom beina på deg på veg til bussen, alt dette er jo kjent frå før! Bussopplevinga er kanskje litt annleis enn 10’en til Stavanger, i og med at ein heil landsby får plass i ein Toyota Hiace; 31 personar i ein bil er den personlege rekorden eg har opplevd til no. Men til og med dette er jo kjent, sidan barndomen min bestod av to typar feriar; Bilferie eller båtferie med heile familien. Den første der to vaksne og fem ungar med tilhøyrande bagasje for to veker vart stua inn i ein relativt beskjeden Peugeot 504 stasjonsvogn. Den andre ferietypen var å stue dei same folka inn i ein like liten båt, der dei same sju personane delte bysse og messe og kva det no heiter, alt i eitt rom som ikkje kan ha vore større enn 6 kvadratmeter.

Ellers er det verdt å merke seg at folk i Tanzania er glade og nøgde sjølv om lønslippen er relativt beskjeden, dersom dei i det heile teke har arbeid som kvalifiserer for lønnslipp. Folk er i godt humør, og har alltid tid til å slå av ein prat om ”laust og fast”. Ein god isbrekkjar er å snakke om veret, på same måten som ein kan gjere heime. I skrivande stund går folk og ventar på at den første regntida skal starte skikkeleg, slik at våronna kan kome igong og sikre maten på bordet for det neste året. Å klage på at det er frykteleg kaldt når gradestokken viser hutrande 18 grader slår alltid an. Dersom du vil diskutere den globale økonomiske krisa og bankkollapsen på Island kjem du nok ikkje så langt, til gjengjeld skal det ikkje meir enn eit enkelt ”Obama” akkompagnert av ein tommel opp før heile gata lyser opp, jublar og inviterer deg heim på te og ugali.

Mor og far; dersom de har lyst på eit år eller to i Afrika, er eg sikker på at de kunne bidrege ein heil del for å betre kvardagen for folk i Arusha. Far hadde hatt si fulle hyre, sidan heile byen med omegn er full av Massey 165-traktorar med skeiv hjulstilling, oljefilter overmodne for hausting, bremser med kun estetisk nytteverdi og panser som skrik etter eit lag med lakk. Mor kunne drive ein skule for vanskelegstilte born, lert dei å rekne, lese og skrive eller for den del å bake brød med grovt mjøl, alt dette er viktig kompetanse for ein sivilisasjon i utvikling.

Dersom de ikkje har lyst på eit år eller to i Afrika, har eg full forståing for det og. Etter ein lang tur hit eller dit er ingenting betre for oss ungar er å kome heim til garden på Helland der me alltid er velkomne og døra er ulåst. Til lukke med 60 velbrukte år, må det blir 60 til!

Gratulera med dagen begge to, helsing Helge

onsdag 3. desember 2008

CHRISC youth tournament

Jubel i U12-klassen
Sist helg var det finalar i CHRISC-ungdomsligaane som føregår i Arusha. På finaledagen møtest dei fire laga som har vunne sin sone, det er altså fire sonar i Arusha, med tre ulike alderstrinn; U12, U14 og U16. Dermed var det duka for 9 spanande kampar for å avgjere kven som kan kalle seg CHRISC-champs i Arusha.
For anledningen var Arusha Stadion innleigd, slik at det var ingenting å utsette på fasilitetane. Til og med "Guest of Honour" var på plass, ein kvit mann med dekknamn "Peri" som etter kvart fekk æra av å dele ut pokalar og premiar.
Når det gjeld kampane, verka det kanskje som om laga var litt prega av alvoret i situasjonen, og dei fleste prioriterte eit solid forsvar føre offensive dumskapar. Dermed vart mange av kampane 0-0, med straffekonk som resultat.
Stemninga var god og fair play stod sterkt, men som alle veit er jo det viktigaste ikkje å delta, men å vinne. På biletet ser me Nyerere FC ta i mot pokal for siger i U16-klassen. Nyerere var for øvrig namnen på presidenten i Tanzania 1961-1985, og blir rekna som landsfader. Eg føler annakvart lag heiter Nyerere FC.Dei laga som ikkje heiter Nyerere FC, bruker fylgjande oppskrift på å finne lagnamn:

Young ----Stars
Tanzania --Warriors
Arusha ----Tigers

Vel eit namn frå venstre kolonne, og eit frå høgre. Ferdig.
CHRISC er eit litt anna opplegg enn KRIK heime, sidan CHRISC også må ta rolla som vanleg idrettslag, fotballforbund og så vidare. Difor er konkurransepreget litt sterkare enn eg er vand med i Noreg, men etter kvart har eg innsett at det kanskje funker best slik her nede. CHRISC-ligaane berre i Arusha sysselset meir enn 1000 ungdomar med sunn aktivitet, som held dei vekke frå limsniffing og kriminalitet, som er dei andre fritidstilboda her nede. I tillegg får dei høyre Guds ord, lærer å oppføre seg fair play, og mange av dei får etterkvart leiaransvar som kan anvendas på andre områder i livet. Så konklusjonen min er at CHRISC fungerer som bistand!
Bøn før kampstart

Vill jubel etter siger i straffesparkkonkurransen



Guest of Honour, Peri



Kapteinen på Nyerere FC U16 lyfter pokalen