mandag 2. februar 2009

Heavy clouds, but no rain




På førehand hadde me fått opplyst at i desember skulle det regne, og at januar var den varmaste månaden i Arusha, det skulle vere uuthaldeleg varmt og tørt. Desember var varm, januar var overskya og kald.
Årstidene er ikkje forutsigbare lenger, og regnet uteblir. Dei siste 20 åra har regnet i Tanzania vorte redusert med 15%. Og det lille regnet som kjem, er ofte svært lokalt. I går for eksempel, regna det kraftig heime på Kwa Mrefu, medan Kimandolo var tørt som Mariekjeks. Avstanden mellom desse bydelane er kanskje 4km.
For oss merkast problemet med støv i augene og skitne bygater, samt at straumen går heile tida, sidan straumproduksjonen i Tanzania i hovudsak er vasskraft og magasina er tomme. Litt irriterande kanskje.
For den jamne tanzanianar har problemet eit mykje større omfang. Husdyr døyr av matmangel. Dei få dyra som er igjen kan dei ikkje slakte, og kjøt er blitt luksusvare. "The short rains" i desember var alt for kort, og ein kan ikkje så mais eller ris i tørr jord.
Dei vanlegvis fruktbare områdene rundt Mwanza i nord-aust har ikkje fått nok regn, dette påverker matvaresituasjoen i heile landet. Myndigheitene går offentleg ut og rekner med det blir hungersnaud i løpet av året.
Sidan eg byrja å skrive har det faktisk regna, me får håpe og be om at det blir nok til at "Shambaane" kan dyrke mat igjen. Ellers kan det verte stygt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Får ikkje håpa at ALT regnet kjem når Rennesøydamene skal til Arusha. Er du klar til å møta dei gamle lærarane dine? Me kjem til Impala hotel med Shuttle 24.2 reiser vidare til Ngorongoro 26.2. Håpar me kan får treffa deg så kan du infomera om kvardagen din der. Sawasawa?

Helge sa...

Hamnashida, mama. Me ska nok få te någe ja! Den 25. ser det ut som passe best? Kor mången e det som komme?
Mailadresså mi e helge.lauvsnes(a)gmail.com, me kan snakkast der.

fullmåne sa...

Hei Helge! Bra du informere om klima-effektene på Tanzania. Det er ganske gale i fleire deler av verden og. Lyst å gjere noko? Bli med på klimakampanjen: http://www.kirkensnodhjelp.no/no/Engasjer-deg/Engasjer-deg/Climate-Justice/
Og så får du sette krav til alle som kjem på besøk om å betale klima-avgift på flyreisene. Lykke til :-)