fredag 6. mars 2009

Safari

For eit par veker sidan fekk eg henga meg på familien Fjørtoft på safari, ein tredagars der me var innom Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara. Det var ei flott oppleving, der alt var på stell untatt bilen me brukte. Landcruiseren var klar for avtalefesta pensjon, me kan nemna punktering med påfylgjande fastrusta jekk og radiatorkoking som nokre av høgdepunkta langs den afrikanske landeveg. Eg trur eigentleg at Henrik hadde bestilt litt trøbbel hos safariselskapet, slik at pappa Fjørtoft fekk litt skit under neglene i løpet av afrikaopphaldet.
Tarangire og Ngorongoro var fantastisk, med masse dyr og eksotisk natur. Lake Manyara var litt meir "hypa", her såg me lite dyr og naturen var "grei nok". Sannsynlegvis var me litt blaserte etter to dagar i to fantastiske parkar. Spesialiteten til Lake Manyara skulle vera treklatrande løver og leopardar, men me såg diverre ingen av delane.

Eg byrjer å bli relativt rutinert på Nasjonalparkar ettersom eg har vore i fire i Tanzania, to i Sør-Afrika og to i Kenya, men fortsatt har eg ikkje sett leoparden. På den positive sida gjev dette meg nok ein grunn til å reisa tilbake til Tanzania ved ein seinare anledning.













 
























Det var ei triveleg oppleving å vere på safari med familien Fjørtoft, takk for turen!
No har internett gått ut i streik, slik at eg ikkje får lasta opp fleire bilder, diverre.

mandag 2. mars 2009

Mwanza Rock City

Sist veke reiste Phinneus, Henrik og meg til Mwanza for å lære CHRISC-medlemane der om fyrstehjelp.
Sjølv om den jamne tanzanianar vil svare ”It is not far” dersom du spør kvar denne byen ligg, er ikkje Mwanza akkurat eit steinkast frå Arusha. Over 800 km veg av varierande kvalitet skal overvinnast, og reisa starta dermed klokka 0500 frå kåken vår.
Å ta buss i Afrika er ei oppleving som alle bør utsetja seg for i løpet av livet. At tanzanianarar likar å sitje trongt har me erfart på lokaltransporten, og det same gjeld over lenger distansar. 2+3 seter i breidden er litt for mykje for svære nordmenn, og stikkord etter tolv timar er svette, skeiv rygg og ei skinke som har sovna.

Hovudveg i Tanzania. Mt Hanang i bakgrunnen



Bussjåføren køyrte som om han rappa bussen, og hadde ei sterk overbevisning om at fartshumpar var for syklistar og kvitingar. Det er to grunnar til å stoppe bussen, den eine er for å la passasjerane pisse langs vegen, den andre er dei evindelige politikontrollane. Merk at av- og påstigning ikkje treng å bety at bussen står i ro.
Minst ti gonger på veg til Mwanza vart me stoppa av politiet, militæret eller andre som har opparbeida seg ein viss autoritet, og veit fortsatt ikkje kva dei leiter etter når dei stopper bussen. Frontruta er knust, sjåføren tar femgangen på fartsgrensa (100 km/t i 20-sone), folk ligg i midtgongen og bussen har 9 forskjellige horn men berre ei bremse. Dette overser politibetjentane lett, mot at dei får litt shillings i lommen. Utan kvittering.
Som memnt var det ikkje berre folk i politiuniform som stoppa oss. Ei militærtropp kvilte under eit tre, og stod på skift ute i vegen og stoppa tilfeldig forbipasserande køyrety. Sjølv om eg har ein innebygd skepsis til uniformerte menn med våpen i Afrika (det må ha noko med påverkning frå film å gjere...), vart det berre litt skummelt ein gong. Det var nå me vart stoppa av ein gjeng utan uniform, kun med AK-47. Men også dei ville bare spør om sjåføren hadde det fint, få nokre småsedlar i lomma og så var alt greit. Rart det der.

Etter langt og lenger enn langt kom me til Mwanza Rock City. Henrik var litt gira på å finne ut om byen levde opp til namnet, om den hadde mange AC/DC tribute-band og mykje livemusikk, kanskje ein konsert me kunne gå på? Her tok me diverre grundig feil, byen har fått navnet etter alle steinane i byen, og ikkje på grunn av at musikken er prega av dobbel basstrommepedal og vreng på gitaren. Når det er sagt, så såg eg faktisk ein mann med rastafletter og elgitartrekk.
 


Etter den verste skuffelsen over mangel på rockemusikk hadde lagt seg, oppdaga me at Mwanza er ein fin by! Ikkje så skitten som Arusha, og litt fredeligare, sjølv om byen er større enn Arusha. Under ser me bilete av Bismarck Rock, denne ligg i Victoriasjøen, eit steinkast frå strandlinja midt i Mwanza by. Å sjå sjø i horisonten var balsam for sjela, og sjølv om dette er ein innsjø er det over 300km frå den eine enden til den andre, og dermed tilfredstiljande sjølv for ein kresen vestlending. Ein anna fordel i Mwanza er at står sola opp seinare og varer lenger utover kvelden, dette passar fint til min døgnrytme!





Etter ein roleg og tidleg kveld i senga på Planet Hotel, var me klar til å starte seminaret klokka 0800 mzungu time morgonen etter. Me var 5 minutt for seine i kyrkja der me skulle halde seminaret, men dette gjorde ikkje så mykje sidan alle andre ôg var forseinka, med om lag 5 minutt og to timar.

I kyrkja stod det eit gamalt piano, og dette vart flittig brukt før seminaret starta. Nesten halvparten av tangentane fungerte, og pianoet var faktisk stemd (normalt, A=440 Hz) i februar månad.



Februar 1982.
 Rundt klokka ti hadde det dukka opp nok folk til at me tykte det var greit å starte seminaret, og Henrik lærte dei oppmøtte om overtråkk, eit ikkje heilt ukjend fenomen på afrikanske fotballbanar. Seinare gjekk me igjennom stabilt sideleie, myggnett mot malaria, kanga (det plagget alle afrikanarar har) til bandasjebruk og stell av sår, og me svara på spørsmål etter beste evne. (”Nei, du blir ikkje full av å vaske eit sår med sprit” eller ”Nei, du blir ikkje full av å gje ein full mann gjennoppliving med munn-til-munn”)



Sjølv om det definitivt var flest folk til stades under lunsjen – som var gratis – verka det som om folk hadde det gøy og var lærevillige! Dagane vart avslutta slik seg hør og bør i CHRISC med sportsaktivitetar, både kanonball og frisbee ultimate med håndball var knallsuksessar.









Etter to dagar i Mwanza bar det heimover, og 12 timar med same leksa som turen bort, med ein enno villare sjåfør. Avgang alt for tidleg om morgonen, sladding(!) med buss på våte jordvegar og innpåslitne politibetjentar.