Tarangire og Ngorongoro var fantastisk, med masse dyr og eksotisk natur. Lake Manyara var litt meir "hypa", her såg me lite dyr og naturen var "grei nok". Sannsynlegvis var me litt blaserte etter to dagar i to fantastiske parkar. Spesialiteten til Lake Manyara skulle vera treklatrande løver og leopardar, men me såg diverre ingen av delane.
Eg byrjer å bli relativt rutinert på Nasjonalparkar ettersom eg har vore i fire i Tanzania, to i Sør-Afrika og to i Kenya, men fortsatt har eg ikkje sett leoparden. På den positive sida gjev dette meg nok ein grunn til å reisa tilbake til Tanzania ved ein seinare anledning.









Det var ei triveleg oppleving å vere på safari med familien Fjørtoft, takk for turen!
No har internett gått ut i streik, slik at eg ikkje får lasta opp fleire bilder, diverre.
6 kommentarer:
Kjempebra bilder!!
Herlige bilder! og ingen grunn til panikk, vi fe nok ei leopard-syning i Serengeti!
"Been there done this, been there done that". På tide du kjem deg heim før du blir for globete for safari i "Kuhajen".(Og glede meg til det!)
Dette va upresist språk for ein jurist å ver, Gunhild. Glede du deg til safari i Kuhajen, eller glede du deg til at eg e for blasert for slikt?
Uansett, eg glede meg te å komma heim og gå på sauasafari med et rådyr, ei ørn eller ein hest inn i blant. Synd eg ikkje rekke eggakogingå i påsken...
Heisann Helge! Takk for sist:)
Vanvittig mange fine bilder du har tatt! Har dokke fått besøk av Bildøy nå eller?
Trur du på Leoparden fremdeles?
Legg inn en kommentar