I mars ein gong kom Bildøy Bibelskule på besøk, ein triveleg gjeng med om lag 20 elevar, to stipendiatar, tre lærarar og ei pensjonert misjonøse (frå Rennesøy, sjølvsagt) som guide.
Dei hadde eit relativt tett program, men sette heldigvis av litt tid til å sjå innom CHRISC-aktiviteten i Arusha. Heile turen toppa seg med fotballturnering på Arusha Stadium, der 10 lokale og to norske lag kjempa og den gjeve pokalen i Bildøy Cup.
Platepratar Phyneous og Fixture-fiksar Fjørtoft
Turneringa vart spelt med standard Tanzania-haldning til kroppsleg aktivitet, det vil seie ultraseriøs fotball, og kun fotball. Heldigvis klarte me å lure inn littegrann volleyball, godt kamuflert som eit seminar og dermed heilt greit å vere med på. Til og med kjekt verka det som!
Raphael og Coach har ansvar for å dele ut lunsj. Meny per person: Ein halv loff, ei banan og ei pære, ei flaske vatn og ei flaske brus. Stor suksess!
Turneringa er sponsa av Bildøy Bibelskule, som har samla inn pengar til CHRISC i Tanzania. Takk Bildøy! Til tross for 40 varmegrader var det ein velukka dag der både tilreisande og lokale storkosa seg.

Etter at Bildøy såg gleda til det laget som slo dei ut i semifinalen, var det ingen sure miner etter straffesparkkonkurransen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar