onsdag 22. april 2009

National Camp 09


Som den oppvakte lesar allereie har sett paa Henrik sin blogg, arrangerte CHRISC Tanzania i månadskifte mars/april National Camp, som er det næraste ein kjem KRIK Arena i Tanzania. Eg fekk lov til å vera fotograf, og storkoste meg i varmen i Tanga, attmed Det Indiske Hav. Her er nokre av resultata.

Ellers vil eg leggje til at Campen vart ein suksess, med mykje meir fokus på å ha det kjekt og sosialt samver enn å konkurrere mot kvarandre. (Tidlegare campar har enda i munnhuggeri og til og med slåsskampar...). Deltakarane vart dette året delte inn i grupper på tvers av kjønn, alder og opphavsdistrikt, og dette verka etter planen: å vinne idrettsturneringane kom i andre rekkje, det viktigaste var å ha det kjekt. Og folk koste seg stort!



I tillegg til idrettsaktivitetar (Basket, nettball, volleyball, stafett og den uunngåelege fotballen) vart det halde seminar me emner som fyrstehjelp og born sine rettar.








Kvar kveld hadde eit eller fleire av CHRISC-distrikta ansvar for underhaldning. Her ser me Arusha-distriktet sitt innslag, masai-dans!




tirsdag 14. april 2009

Soga om Meru-ferda til Malm-Per




Malm-Per heitte ein mann. Han fekk føre seg at han ville ut i verda å redda heidningar. Med seg tok han kona si Vene-Kristin og tre ungar. Vene-Kristin var ein vidgjeten skald, og sjefen for Luther-flokken som dei sokna til i Noreg ville så gjerne senda ho til Buskmann-riket, slik at ho kunne lære dei om Krist, ein tømrarson som levde for mange år sidan. Malm-Per fekk i oppgåve å vera storbonde på garden der dei sel kved og soger om Krist til buskmennene.

Rett attmed garden til Malm-Per, låg det eit høgt fjell. Malm-Per tykte særs godt om høge fjell. Heime i Noreg var han ofte på fjelltokt, anten det var vinter eller sumar. Men i Buskmann-riket hadde han enno ikkje vore på tokt, sjølv om han hadde budd der over vinteren. Ein kveld sat Malm-Per i hagen sin og såg opp på Meru-toppen, som bada i den raude kveldsola som rann. Han kvad:

"Mektig og massiv er Meru-Toppen,

mon tru om menisken min maktar motbakken.

Eg lyt hyra gode menn skal eg koma opp."


Malm-Per leita rundt på garden sin etter gode leigekarar. Etter ei stund fann han ein annan kvit-nakke, Grave-Trond heitte han. Han fekk namnet sidan han var ofseleg glad i å grava holer i den raude jorda i Buskmann-riket. Han hadde ein stor hjul-hest, og med det bakerste hjulet grov han hol i bakken tidt som det var. Malm-Per spurte om han ville vere med på Meru-toppen. Då kvad Grave-Trond:

"Meru eg klatrar når Malm-Per meg spør.

Men dette kravet lyt eg få stilje:

Berre to netter i framand seng!"




Malm-Per gjekk med på kravet, og dei to starta ferda mot Meru-toppen. Etter ei stund vart dei trøtte av kvarandre og hadde ikkje lenger noko å snakka om. Malm-Per sa at dei burde hatt med seg ein narr som kunne fortelje skrøner når bakkane vart bratte og taska var for tung. Grave-Trond visste om ein slik mann. Han heitte Hatt-Henrik. Han fekk namnet sidan han hadde så mange hattar. Hatt-Henrik var frå ein flokk som var så ofseleg glade i å røre på kroppen, Kristmannspringarlauget heitte dei. Då Malm-Per spurte om Hatt-Henrik ville vere med på Meru-Toppen, tok han den grøne tur-hatten sin på og kvad:

"Eg saknar snøen i Sunnmørsalpane,

eg snører mi skreppe og smører min solkrem.

Skreppa er full av urter og ugras,

som hjelper når knea knirker."





Dei tre gjekk vidare mot Meru-toppen, og etter ei stund vart dei så ofseleg svoltne. Malm-Per sakna flatbrødet som Vene-Kristin laga, og lurte på om Grave-Trond eller Hatt-Henrik kunne steike slike flatbrød. Det kunne dei ikkje, men Hatt-Henrik kjente ein mann som kunne. Helge-Mat heitte han, han var ôg med i Kristmannspringarlauget. Han var så ofseleg glad i mat, at mora hans sa han var utan botn. Malm-Per spurte om han ville vera med til Meru-toppen. Då kvad Helge-Mat:

"Med låkare niste du legg`kje i veg

enn utan niste i det heile teke.

Eg skal syta for både brød og bål!"





Dei fire åt og gjekk vidare mot Meru-Toppen, og på siste sletta før det vart ofseleg bratt, møtte dei mange ville dyr. Det krydde med hals-hestar, snabel-svin og vill-stutar. Malm-Per vart felande redd og kvad:

"Ei slette.

Ein villstut.

Ein villstut til.

Ein lyt ha pil og boge skal ein koma yver!"

Men korkje Malm-Per, Grave-Trond, Hatt-Henrik eller Helge-Mat hadde pil og boge med seg. Då fekk dei auge på ein buskmann som togg på eit grasstrå under eit tre i nærleiken. Han hadde pil og boge, og hadde vore på Meru-toppen fleire gonger før. Han heitte Fredrik den Fredelege. Malm-Per spurte om han ville vera med, og Fredrik den Fredelege kvad:

"Ja."





Fredrik den Fredelege hadde piler på ryggen og boge under armen, men villstutane torte ikkje nærma seg han.





Bakken vart brattare og brattare, og sekken tyngre og tyngre, men Malm-Per vart ikkje sliten. Han spratt opp etter fjellsidene. Hatt-Henrik og Helge-Mat likte ikkje farten Malm-Per. Dei hadde vore på høge fjell i Buskmann-rike før, og visste det var lurt å gå sakte oppover, elles kunne høgdedyret angripa og gjera hovudet tungt og beina skjøre. Hatt-Henrik og Helge-Mat tykte ôg at Malm-Per sette dei i dårleg lys med byksinga si. Hatt-Henrik fortalde skrøner for å halda han igjen, men Malm-Per sprang oppover fjellet og var snart ikkje å sjå. Då det gjekk mot kveld fann flokken Malm-Per utanfor ei gjestestove med ledige senger. Malm-Per kvad:

"Dei gamle er eldst og raskast på labben.

I dykkar andlet, ungdom!

Her skal me kvila og halda måltid i lag i kveld."

Etter dette gjekk Malm-Per og la seg til å sova.

Den andre dagen gjekk flokken i bakkar som såg like ut som i fedrelandet. Det gjorde at Malm-Per sprang enno fortare. Nok ein gong prøvde Hatt-Henrik å fortelja skrøner for å få Malm-Per til å gå litt seinare, men Malm-Per dansa oppover og var snart ikkje å sjå. Flokken såg han ikkje igjen før han stod utanfor ei ny gjestestove om kvelden. Han kvad igjen:

"Dei gamle er eldst og raskast på labben.

I dykkar andlet, ungdom!

Her skal me kvila og halda måltid i lag i kveld."

Etter dette gjekk Malm-Per og la seg til å sova. Grave-Trond og Hatt-Henrik likte ikkje å bli frågått av Malm-Per den dagen. For å prova at dei fortsatt hadde saft i beina, gjekk dei vidare opp på ein topp i grannelaget, Vesle Meru-Toppen. Helge-Mat vart igjen i gjestestova og steikte biff. Etter å ha åte opp maten, gjekk Malm-Per og flokken og la seg til å sove, for dei skulle opp midt på natta og gå vidare.

Malm-Per og gjengen gjekk vidare frå gjestestova berre to timar etter midnatt, slik at dei kunne sjå sola sprette frå Meru-toppen. I fire timar gjekk dei, og Malm-Per sprang siste stykke for å vera fyrst opp på toppen.










Der kvad han:

"Dei gamle er eldst og raskast på labben!

Her kan eg fint sjå til fedrelandet.

No lyt me venda, eg vil heim att til Vene-Kristin."


 





 

Men nedover bakkane gjekk det trått for Malm-Per. Knea var slitne etter all sprettinga opp mot toppen, og Grave-Trond måtte bere skreppa for Malm-Per. Det var langt å gå før dei var heime på garden til Malm-Per enno, og Helge-Mat ana uråd. Han kvad:

"Bakken er bratt og sola står i senit.

Me kjem oss´kje heim før kvelden er omme."




Dei andre var einige i at med denne farten rekk ikkje flokken heim før skuggane trugar. Grave-Trond var skarp i hovudet, og sa han kunne springe i forvegen, i lag med Helge-Mat for å koke kraft som Malm-Per kunne styrkja seg på. Det gjorde dei, og etter Malm-Per hadde ete og kvilt litt vart han frisk til beins igjen.

Såleis kom flokken seg heim før det vart natt. Då kvad Malm-Per:

"Menisken meistra Meru-Toppen,

men bakkane var bratte og brå.

Turen går betre med buskmenn som ber,

og to netter var litt for få."

Vil du ha meir bilder og tekst frå turen, kan du vitje Grave-Trond sin blogg, eller Hatt-Henrik sin blogg.

 

lørdag 11. april 2009

Bildøy Cup

Denne bloggen har stått ganske stille i det siste, stikk i strid med livet elles som har rasa framover med eit godt utval av aktivitetar. I staden for å unnskulda mangelen på aktivitet skal eg heller prøve å ta igjen det tapte. Ein månad med aktivitet skal kokast ned til fire blogginnlegg, og her kjem det første.

I mars ein gong kom Bildøy Bibelskule på besøk, ein triveleg gjeng med om lag 20 elevar, to stipendiatar, tre lærarar og ei pensjonert misjonøse (frå Rennesøy, sjølvsagt) som guide.
Dei hadde eit relativt tett program, men sette heldigvis av litt tid til å sjå innom CHRISC-aktiviteten i Arusha. Heile turen toppa seg med fotballturnering på Arusha Stadium, der 10 lokale og to norske lag kjempa og den gjeve pokalen i Bildøy Cup. 

Platepratar Phyneous og Fixture-fiksar Fjørtoft

Turneringa vart spelt med standard Tanzania-haldning til kroppsleg aktivitet, det vil seie ultraseriøs fotball, og kun fotball. Heldigvis klarte me å lure inn littegrann volleyball, godt kamuflert som eit seminar og dermed heilt greit å vere med på. Til og med kjekt verka det som!



Raphael og Coach har ansvar for å dele ut lunsj. Meny per person: Ein halv loff, ei banan og ei pære, ei flaske vatn og ei flaske brus. Stor suksess!

Turneringa er sponsa av Bildøy Bibelskule, som har samla inn pengar til CHRISC i Tanzania. Takk Bildøy! Til tross for 40 varmegrader var det ein velukka dag der både tilreisande og lokale storkosa seg.






Etter at Bildøy såg gleda til det laget som slo dei ut i semifinalen, var det ingen sure miner etter straffesparkkonkurransen...





Sjongleringsundervisning



Som sagt, ingen sure miner