tirsdag 6. januar 2009

Infield i Uganda og ferie på Zanzibar - no med bilder!






No er det på høg tid med eit blogginnlegg, og det du no les omhandlar infieldkurset i Jinja, Uganda, og juleferie på Zanzibar.
Infieldkurset strakk seg frå 14. til 19. desember, og fann stad i den nest største byen i Uganda, Jinja. 16 Hald-studentar og 2 lærarar fann vegen til dei idylliske breiddene av Viktoriasjøen, der turistbrosjyrane melder at Nilen sitt opphav er. Me leiga like greit eit heilt hotell for oss sjølve, New Daniel Hotel heitte staden som serverte litt laber mat, hadde litt skitne rom men ellers var heilt topp.
I tillegg til forelesningar som er interressante nok men gjer seg dårleg på ein blogg – arrangerte me sykkelturen Tour de Jinja. Utan å gå i detalj kan ein vel trygt fastslå at Team CSC, med Hanne, Helge og kaptein Fredrik i spissen, vann både lagkonkurransen, spurttrøya og samanlagt. Ole Asbjørn fekk æra for moralsk siger, sidan oppladninga bestod i å spy seg gjennom Uganda på tvers, samt å sykle to syklar samstundes på siste etappen.



Dagen etter vart avslutta med strikkhopp, og 8 modige sjeler hoppa 44 meter for å dyppe panneluggen i Nilen. Det var eit kraftig adrenalinkick, sannsynlegvis det kraftigaste eg med vilje har utsett meg for.

Dagen etter bar det mot Kampala, og medan dei andre besøkte ambassaden, sette Henrik og meg oss på flyet og trudde me var på veg til Kilimanjaro International Airport og Arusha. Det viste seg at flyet like greit ”mellomlanda” på Zanzibar, og me tok eit ekstraordinært husmøte og bestemte oss for å hoppe av her. Sjølv om bagasjen vår var pakka for ein seksdagarstur(pluss 100 fotballskjorter som eg grunna overvekt ikkje fekk lenger enn Kampala i oktober), var dette ei avgjersle som var betre enn me fatta omfanget av der og då. Seinare i juleferien, då me skulle bekrefte flybilletten vår heim, fekk me opplyst at Air Tanzania like greit har slutta å fly mellom Arusha og Zanzibar, og at me derfor ikkje har flybillett heim. Strengt tatt har me vel flybillett, men me har ikkje fly. Difor er det grunn til å tru at dersom me hadde fylgt den opprinnelege planen vår, hadde me feira både jul og nyttår i Arusha ufrivillig. Då får ein heller tåle at ein del relativt naudsynte ting vart ståande igjen i leiligheten i Arusha, dette er jo tross alt betre enn å stå igjen i Arusha sjølve. I prioritert rekkjefølgje, så sakna eg ladaren til fotoapparatet, Nidar julemarsipan spesialsendt frå Noreg, musikkspelaren, lommekniven, meir enn tre t-skjorter og reisehandboka mi. For øvrig har eg no forståing for kvifor Nidar byrjer å selgje julemarsipan i september; då har snille systre moglegheit til å sende eit lite stykke juletradisjon til Afrika i god til før jul.
Vel framme på Zanzibar vart me dytta inn i ein overprisa drosje og køyrd til andre sida av øya. Me fekk oss eit rom på Shehe bungalows, ein avslappa stad med akkurat passe mengd skrivefeil i menyen og akkurat nok straumbrudd på rommet.

Etter kvart kom fleire Hald-folk til staden, i alt sju før julekvelden kom. Julekvelden vart feira på Serena Inn i Stone Town, sjølv om ”Marry Christmas Buffer” i restauranten på Shehe Bungalow utvilsomt freista. På Serena Inn fekk me krangla oss til ein heilaftens med to måltider, før julefreden senka seg med midnattsmesse i den lokale katolske kyrkja i Stone Town. Kanskje ikkje heilt som i Hausken Kyrkje, spesielt det faktum det er meir enn 35 grader og maksimal luftfuktighet midt på natta. Når all musikk i tillegg skal akkompagnerast av eit keyboard med rytmeboks og autokomp, vil eg påstå at julestemninga ikkje kom så mykje nærare, men kjekt var det no likevel.



Romjula bestod blant anna i å symje med delfinar, dokumentere adventsbarten grundig(meir om denne seinare) og krangle med ein tysker. Når det nærma seg nyttår hadde ikkje Shehe Bungalows rom i herberget som det heiter, og me hadde reservert rom i ei lodge driven av ein liten, korpulent tysker. Me hadde ei lita interessekonflikt med grunnlag i at han ville ha pengane våre men ikkje gi oss overnattingplass. Me stakk frå regningen, og måtte bruke ein dag av ferien på å finne ein ny plass å bu. Den korpulente tyskeren hadde fortsatt ikkje gitt opp å få tak i pengene våre, og klarte etter omfattande detektivarbeid å spore opp den nye plassen me budde på. Det heile endte i ein relativt høglytt diskusjon i frokostsalen, der han til slutt – med Arnold-akksent – trua med å sende politiet på oss. Me ynskja han lukke til, og då han storma ut dørene hausta me applaus frå ein gjeng brasilianarar på nabobordet som åpenbart sette pris på ein diskusjon med temperatur i samsvar med været på Zanzibar ein desembermorgon.



Etter kvart nærma det seg avreise heim til Arusha, og i Afrika betyr det re-re-rekonfirmasjon av flybillettar. På kontoret til Precicion Air fekk me vite at Air Tanzania som sagt like greit har lagt ned drifta, og at me difor ikkje hadde billett heim. Dermed vart heimreisa litt lenger enn planlagt, første etappe var ferje til Dar-Es-Salaam, og dette gjekk rimeleg greit. Deretter fann me kontoret til Scandinavia busselskap, selskapet er ikkje skandinaviskeigd, men gjer eit poeng ut av at dei kun har Scania-bussar som visstnok skal vere ekstra driftsikre. Her fekk me vite at bussane som skulle gå dagen etter var fulle, og me måtte vente til søndag. Det medførte ein dags ferie i Dar i tillegg, og dagen vart brukt til å handle bøker og spise is. Søndagsmorgon bar det strake vegen til Arusha, 10 timar i buss og vips så var me heime! Og som det heiter: Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Dette blogginnlegget skulle liksom vere krydra med fine bilder av folk og omgjevnadar, men internett er så treigt at det får vente.



Fortsatt godt nyttår!

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hm, hadde nå sendt sjokolade eg og. Får bare syster kred?
Bror

Anonym sa...

Også du min bror. Klart du ska få kred!Tusen takk for snob,bilde og lydbok! Grunnen t at du ikkje e nevnt i innlegget e at eg ikkje fekk pakke før i dag.
Igjen, tusen takk for pakke og hels familien.
-litlebror

Kristin og David sa...

hehe, konge me han tyskaren!! Kjekt me ein liden krangel ein gang iblant! hørres ud så du har d konge der nere! Hakuna matata!

Anonym sa...

Mor og far e glad du er "heime" i
Arusha igjen. Me driv nå og pakkar i Jonseredbaggen til Jarles reise.
Skal spør kor mange kg han kan ta med. Elles så planlegg mor eit handskrive brev til deg.

Marit sa...

takk fe ein fin ferie =) og du æ feresten flink t å skrive!

Anonym sa...

Eg må le :-) I dag har eg høyrt på ein annan eventyrar som også heiter Helge, og sjølv om strabasene hans var hakket meir ekstreme (sykle gjennom Sahara-ørkenen, padle ned elva Niger, etc), har du same fantastiske evna til å fortelle frå opplevingane. Det er eit kompliment. Helsing systerå som no kanskje må ha dåreg samvit sidan ho ikkje sendte marsipan?

Anonym sa...

Hei,

Jeg lurte på om det kan anbefales å ta en helgetur innom dere i perioden 2. februar - 20. mars dersom man allerede befinner seg i Loitokitok sør i Kenya.

Svar gjerne til martealfakrøllwestvik.org

Tove Karin sa...

Helge! Kati reise du heim? Eg kjeme te Tanzania:) Marie N og! Rondt 20 april sannsynligvis. E du der då? Lyst å ver me oss på safari?:) Tove Karin