onsdag 8. oktober 2008

Wazungu wawili kwenye Arusha

Foerst maa eg beklage meg for aa legge ut faa bilder her paa bloggen. Men internettet er saa pass treigt at det ikkje lar seg gjere aa leggje ut bileter. Difor faar me noeye oss med tekst. Me er altsaa paa plass paa kontoret til CHRISC i Arusha, eit rom paa omtrent 15 kvadrat der tre personar i tillegg til oss jobber. Aron som er nasjonalkoordinator, Phinneus som er utdanningsanvarleg i CHRISC, og Joseph som styrer oekonomien. Foreloepig gaar dagane med til aa bli kjent med byen, kjoepe noedvendige ting til leiligheten og snakke med folk. I gaar var me paa byvandring, og blir "angripen" av ein avisselgar, for saa vidt ikkje saa uvanleg her nede. Det spesielle var at den foerste avisa han drar fram er Stavanger Aftenblad. Rett nok i brukt utgaave, kun foerste del, og fraa forrige fredag, men likevel! Dette tyder paa at me ikkje er dei foerste kvite her i byen, og folk flest har nok sett ein nordmann foer.

I dag nar me tok Daladalaen til jobb, proevde konduktoeren aa svindle Henrik for 100TSH (omkring 50 oere). "Mia moja,"(ett hundre) svarer Henrik paa sin foreloepig noksaa begrensa swahili. Konduktoeren gir noksaa motvillig vekslepengene til Henrik, og klager litt paa mzunguane til dei andre passasjerane. (Phinneus har oversatt til oss i etterkant). Deretter annonserer han foer eg skal betale, at folk maa legge merke til ansiktsutrykket mitt i det han gjer meg for lite vekslepenger. Naar eg ogsaa vil ha vekslepengene mine, skaper det stor latter blant passasjerane. Eg gleder meg til aa kunne nok swahili til aa kunne ta igjen ;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Wazungu wawili? Kjekt å høyra frå Arusha. Flott plass, fantastiske folk! Lykke til og take care!

Helge sa...

Som sagt har me litt aa gaa paa paa swahilien, maa jo sjoelvsagt boeye adjektivet i forhold til substantivet og det kommer etter substantivet det beskriv... Gaar i alle fall framoeve!

Anonym sa...

Hei Helge. Kjekt å høyra frå deg.
Sikkert uventa å bli tilbudt Stav. Aftenblad på gata i Arusha. Der er visst mange nordmenn i byen, høyrde nett i radioen om eit par frå Sandnes som skulle ned dit for NLM. 3-menn. din frå Suldal hadde vore der i sommar i 14 dagar også hos CHRISC etter det eg forsto. Får nå håpa du slepp å møta kjende kvar dag.
H far