mandag 5. januar 2009

Adventsbartkonkurranse 08



Her kjem mitt bidrag til bartekonkurransen. Bildet ber preg av at me hadde sett av ein heil dag av ferien på Zanzibar til å dokumentere bartane våre. Sjå også http://kofforharduikkebart.blogspot.com/ for fleire frekke bidrag.

tirsdag 23. desember 2008

Grunna ferieavvikling kan eg ikkje love så heftig oppdatering framover, men frå bungalowen med utsikt til det indiske hav vil eg ynskja alle ei velsigna jul og eit triveleg nytt år!
Det er kjekt at mange fylgjer med på bloggen min, fortsett med det!

mandag 8. desember 2008

Helsing til mor og far på 60-årsdagen.

Denne helsinga vart laga i samband med feiring av mor og far sin 60-årsdag, men blir lagt ut her til allmenn forlysting. God lesing!

Vyrde gjestar og gode jubilantar, her kjem ei helsing frå den einaste i syskjenflokken som i dette augneblink er i utlendigheit. Dei som kjenner familien vår veit at ungeflokken til mor og far ofte har eit ynskje om å reise ut i verda, for å oppleve korleis kloda ser ut utanfor dei trygge rammane ein oppvekst i ro og mak i ei solhelling på Rennesøy kan gje inntrykk av. At heile 4 av 5 ungar er heime og feirar denne dagen i lag med dykk synast eg me skal seie oss nøgde med, og sistemann er med mentalt og på papiret, sjølv om lekamen for tida er plassert i Arusha, Tanzania.

Når me feirer slike runde dagar blir det ofte brukt som ein anledning til å oppsummere kva som har skjedd sidan sist ein var samla i same ærend. Her er det nok å ta av. Ungane har skaffa seg flotte og respektable studielån, om lag tretti årsverk har staten gladeleg lånt bort slik at familien Lauvsnes har vorte lommekjent på eit utval av utdanningsinstitusjonane som finst i Noreg. I tillegg har far og mor vorte farfar, farmor, morfar og mormor! Ikkje verst! Dei siste ti åra har ”gamlingane” på Helland byrja å reise. Vanlegvis er det slik at ungane tek etter foreldrene sine, går i same fotspor og plutseleg finn ut at dei er meir like foreldrene sine enn dei hadde tenkt. Det er nok tilfelle også for denne bølingen, men når det gjeld reising verkar det som om det er den yngre garde som har sett standarden, og så har mor og far tatt etter. Med fare for å gløyme nokre destinasjonar skal eg ikkje freiste å ramse opp alle, men det er i alle fall ikkje feil å seie at lista ligg høgare enn Dyreparken og Danmark som var dei lengste turane medan ungane var små og søte, men dyre i drift og med dårleg tålmod.

Far har til og med feira jul sør for ekvator, meir nøyaktig i Pilanesberg Nasjonalpark nord i Sør-Afrika, med middels hell. Om det var den totale mangel på julestemning – me var på løvesafari i tretti grader på føremiddagen – eller saknet av mor som sat igjen heime på Rennesøy som gjorde utslaget er usikkert, men far verka litt gretten og var openbart ikkje nøgd med julebufféen som vart servert på hotellet. Nokre saueribber vart fortert, men dei var sterkt krydra og likna like mykje på pepperoni som på pinnekjøt. Då det var tid for dessert, ytra far desse orda som etter kvart har vorte ein klassikar som blir repetert kvar gong familien er samla; ”Eg ser kagene og isen, men kor e desserten hen?”

Arusha er ganske annleis enn Rennesøy, det skulle berre mangle. Å bli solbrent på leggane i november er ei rimeleg ny oppleving for meg, det same er å prute på paprikaen samt helst å vere heime før det blir mørkt. Julestemning blir det nok lite av, det næraste ein kjem juletre er ”pimpa” Toyota Hiace-bussar med lys i alle fargar, glitter og dekor inspirert av klubblogoar frå Engelsk Premier Leauge. Men det merkelegaste er kanskje å alltid vere ein attraksjon. Kvar enn du går, blir ingen, ungar som vaksne, lei av å rope ”Mzungu” etter deg. Direkte oversett betyr det europear, men meininga er vel noko slik som kviting. Å svare ”Mafrika”, eller afrikaner, viser seg å vere artig. Folk reagerer ulikt men dei fleste ler og smiler.

Likskapane mellom Rennesøy er kanskje meir oppsiktsvekkjande enn forskjellane. Naboane sel tomater på eit bord på gata, ikkje ulikt sjølvbetjent tomatkiosk heime på Helland. Ved nærare ettertanke er tomatutsalet på Solhaug gartneri kanskje meir eksotisk enn eg tidlegare var klar over. Det er kyr som rauter om morgonen og kyllingar som piler mellom beina på deg på veg til bussen, alt dette er jo kjent frå før! Bussopplevinga er kanskje litt annleis enn 10’en til Stavanger, i og med at ein heil landsby får plass i ein Toyota Hiace; 31 personar i ein bil er den personlege rekorden eg har opplevd til no. Men til og med dette er jo kjent, sidan barndomen min bestod av to typar feriar; Bilferie eller båtferie med heile familien. Den første der to vaksne og fem ungar med tilhøyrande bagasje for to veker vart stua inn i ein relativt beskjeden Peugeot 504 stasjonsvogn. Den andre ferietypen var å stue dei same folka inn i ein like liten båt, der dei same sju personane delte bysse og messe og kva det no heiter, alt i eitt rom som ikkje kan ha vore større enn 6 kvadratmeter.

Ellers er det verdt å merke seg at folk i Tanzania er glade og nøgde sjølv om lønslippen er relativt beskjeden, dersom dei i det heile teke har arbeid som kvalifiserer for lønnslipp. Folk er i godt humør, og har alltid tid til å slå av ein prat om ”laust og fast”. Ein god isbrekkjar er å snakke om veret, på same måten som ein kan gjere heime. I skrivande stund går folk og ventar på at den første regntida skal starte skikkeleg, slik at våronna kan kome igong og sikre maten på bordet for det neste året. Å klage på at det er frykteleg kaldt når gradestokken viser hutrande 18 grader slår alltid an. Dersom du vil diskutere den globale økonomiske krisa og bankkollapsen på Island kjem du nok ikkje så langt, til gjengjeld skal det ikkje meir enn eit enkelt ”Obama” akkompagnert av ein tommel opp før heile gata lyser opp, jublar og inviterer deg heim på te og ugali.

Mor og far; dersom de har lyst på eit år eller to i Afrika, er eg sikker på at de kunne bidrege ein heil del for å betre kvardagen for folk i Arusha. Far hadde hatt si fulle hyre, sidan heile byen med omegn er full av Massey 165-traktorar med skeiv hjulstilling, oljefilter overmodne for hausting, bremser med kun estetisk nytteverdi og panser som skrik etter eit lag med lakk. Mor kunne drive ein skule for vanskelegstilte born, lert dei å rekne, lese og skrive eller for den del å bake brød med grovt mjøl, alt dette er viktig kompetanse for ein sivilisasjon i utvikling.

Dersom de ikkje har lyst på eit år eller to i Afrika, har eg full forståing for det og. Etter ein lang tur hit eller dit er ingenting betre for oss ungar er å kome heim til garden på Helland der me alltid er velkomne og døra er ulåst. Til lukke med 60 velbrukte år, må det blir 60 til!

Gratulera med dagen begge to, helsing Helge

onsdag 3. desember 2008

CHRISC youth tournament

Jubel i U12-klassen
Sist helg var det finalar i CHRISC-ungdomsligaane som føregår i Arusha. På finaledagen møtest dei fire laga som har vunne sin sone, det er altså fire sonar i Arusha, med tre ulike alderstrinn; U12, U14 og U16. Dermed var det duka for 9 spanande kampar for å avgjere kven som kan kalle seg CHRISC-champs i Arusha.
For anledningen var Arusha Stadion innleigd, slik at det var ingenting å utsette på fasilitetane. Til og med "Guest of Honour" var på plass, ein kvit mann med dekknamn "Peri" som etter kvart fekk æra av å dele ut pokalar og premiar.
Når det gjeld kampane, verka det kanskje som om laga var litt prega av alvoret i situasjonen, og dei fleste prioriterte eit solid forsvar føre offensive dumskapar. Dermed vart mange av kampane 0-0, med straffekonk som resultat.
Stemninga var god og fair play stod sterkt, men som alle veit er jo det viktigaste ikkje å delta, men å vinne. På biletet ser me Nyerere FC ta i mot pokal for siger i U16-klassen. Nyerere var for øvrig namnen på presidenten i Tanzania 1961-1985, og blir rekna som landsfader. Eg føler annakvart lag heiter Nyerere FC.Dei laga som ikkje heiter Nyerere FC, bruker fylgjande oppskrift på å finne lagnamn:

Young ----Stars
Tanzania --Warriors
Arusha ----Tigers

Vel eit namn frå venstre kolonne, og eit frå høgre. Ferdig.
CHRISC er eit litt anna opplegg enn KRIK heime, sidan CHRISC også må ta rolla som vanleg idrettslag, fotballforbund og så vidare. Difor er konkurransepreget litt sterkare enn eg er vand med i Noreg, men etter kvart har eg innsett at det kanskje funker best slik her nede. CHRISC-ligaane berre i Arusha sysselset meir enn 1000 ungdomar med sunn aktivitet, som held dei vekke frå limsniffing og kriminalitet, som er dei andre fritidstilboda her nede. I tillegg får dei høyre Guds ord, lærer å oppføre seg fair play, og mange av dei får etterkvart leiaransvar som kan anvendas på andre områder i livet. Så konklusjonen min er at CHRISC fungerer som bistand!
Bøn før kampstart

Vill jubel etter siger i straffesparkkonkurransen



Guest of Honour, Peri



Kapteinen på Nyerere FC U16 lyfter pokalen

tirsdag 11. november 2008

Vårt fyrste Afro-bryllaup

Sjefen paa kontoret vaart, Aron Lomniaki fekk ja fraa si Aika Jonas paa laurdag. Me var i bryllaupet, og her ser du bildene. Du kan lese meir om bryllaupet paa Henrik sin blogg.


Grønfargen som går igjen er fargen til Lomniaki-slekta

Play it, brother!


Den yngste brurepika måtte ha ein pust i bakken halvvegs i vigselen


Planen var å spele keybord, styre rytmeboks, kore for Henrik og blese i melodikaen, men straumen gjekk og det vart kun melodikaen. Den klarte seg fint!


Henrik fann fort gjengen sin


Bryllaupsskyss 1


Bryllaupsskyss 2


Podiet til brureparet. Dei sat bak den store oppsatsen i midten


Alle kjenner vel til den tradisjonsrike mat-kvarandre-med-geitekjøt-seansen


Henrik skjenker foreldrene til Aron. Kanskje litt utanfor arbeidsinnstruksen vår...

fredag 7. november 2008

Haydom rundt på 50 minutt

Den 5. november var starten på ein ganske absurd oppleving her nede. Me stod og snakka med ”Peri” som i tillegg til å jobbe på NLM sitt Scripture Mission-prosjekt og jobber litt for CHRISC i Arusha, og plutseleg fekk han for seg at Henrik og meg skulle til Haydom dagen etter. Det har seg slik at Eivind Johannes, som er pilot for MAF, skulle ein snartur innom Haydom, og han hadde ledige seter i flyet dersom me ville slenge oss på.
For dei som ikkje veit kva Haydom er, så dreier det seg om eit sjukehus som ligg øde til midt på høgslettene ved Great Rift Valley, retning vestover frå Arusha. Eg vil påstå at Haydom ligg relativt usentralt til. Det tek omtrent 6 timar å køyre til næraste plass der du kan kjøpe melk på kartong, og minst tolv timar til næraste stad dei sel grovt mjøl(då må du ut av landet...). 6 timar er vel å merke tida det tek dersom du køyrer standsmessig med Toyoya Landcruiser. Dersom du køyrer rutebuss må du rekne med å reise så lenge at fager kveldssol smiler og etter kvart lukker sitt auge lenge før du er i nærleiken av destinasjonen. No er forresten regntida i gong, slik at det er ikkje sikkert at bussen kjem fram i det heile...
Men attende til sjukehuset. Det dreier seg ikkje om eit kva som helst sjukehus, eg er tross alt ikkje så interessert i sjukehus i seg sjølve at eg reiser hundrevis av kilometer for å sjå korridorpasientar, lange køar til poliklinikken eller overarbeida ansette, dette fins jo til og med heime i Noreg. Men Haydom er annleis. Gjennom heile barndomen har me samla inn pengar til dette eventyrslottet langt langt vekke i eit land der dei kviler hovudet på ein liten krakk når dei søv, drep løver om dei ikkje søv og der alle smiler fint og oppstil på lysbiletene som den aldrande misjonæren viser stolt for heimbygda si. For meg, og sikkert for mange andre, har Haydom ein spesiell status. Kvart år strikker bestemødre sokkar til julemessa, ungar sel sjølvlagde malerier og til og med 14-åringar som er alt for kule til slikt går med på å vaske bilen til far for 100 kr når det er snakk om Haydom. Haydom Lutheran Hospital.
Og plutseleg får me moglegheit til å besøkje dette vidunderet! Det er klart me takkar ja! Torsdag 7. november lot me swahilikurs vere swahilikurs, fotballtrening vere fotballtrening (noko som gjorde at eg vart teken ut av startoppstillinga dagen etter, då CHRISC-Arusha gjekk på ein lei smell i treningskamp mot eit skulelag i Arusha...) pakka bagen vår og møtte opp på kontoret til Eivind Johannes, spente som – ja to gutar som skal reise med småfly for fyrste gong.




Til tross for mørke skyer trua gjekk turen inn til Haydom svært knirkefritt. Det var faktisk ein fordel med skyene. Eitmotors stempelmotorfly har ikkje lov å flyge på instrument, altså i skyer og i mørkre, dermed flaug me lågt og fekk sjå endå betre!Henrik og Nikodemus i firsprang rundt paa Haydom

Vel framme på Haydom blir me køyrde inn på sjukehusområdet i lag med sjukehusdirektør og visedirektør, før me inntok ein rask, men god lunsj i familien Olsen si stove. No hadde me mindre enn ein time til flyet vårt gjekk i retur, så me sprang rundt på sjukehuset medan labteknikar Nikodemus eminent forklarte kva dei ulike bygningane innehaldt. Akkutmottak her, fødestove der, tuberkulosesengepost, avrusingsklinikk, radiografi, laboratorium, barneavdeling. Så fort gjekk det, klokka nærma seg drastisk tre, me takka for omvisninga og vart køyrde ut til flystripa.
Men i løpet av av omvisninga hadde det byrja å regne. Og her snakker me ikkje om yr, men ekte høljeregn. Småfly er ikkje så glade i regn, spesielt ikkje under letting og landing. Dermed sat me på flystripa og venta på betre tider.

Fint fotover, daarleg flyver...

Siste avgangstid nærma seg, me måtte vere i Arusha før sola gjekk ned. Me kom oss av garde i eit ”vindauge” 20 minutt før deadline, etter dette hadde me fått ei ekstra natt i Haydom om me ville det eller ikkje.
Copilot Mambo Leo er noegd med aa komme opp i lufta

Etter ein time i lufta der me såg Great Rift Valley, karakteristiske masailandsbyar, og ikkje minst litt etterlengta vatn i elveleia kring i landet, var me attende i Arusha.
Eventyrslottet i landet langt langt vekke er fortsatt eit eventyr, men eit eventyr me har sett med eigne auge! Ikkje berre eit sjukehus som betyr liv eller død for eit hav av folk, men også ein arbeidsplass for over 500 lokalt ansatte, sjukepleiarskule, gardsdrift og meir. Så, til alle der heime som lurer på kor mange lodd dei skal kjøpe i fruktkorg-boka på Haydom-basaren på bedehuset. Kjøp heile boka og endå meir! Dette er bistand som fungerer.

onsdag 5. november 2008

Swahili – inntrykk etter 20 timar på skulebenken. Åtvaring, høg språknerdefaktor!

Me er no kome eit stykke ut i swahilikurset vårt. Ordklassar, verbtider og bøyingar sprett rundt i hovudet mitt utan mål og meining. Rett nok blir det fleire og fleire ”knaggar” å henge orda på, men fortsatt er me berre i oppstartsfasen der mykje blir blanda saman, vokabularet er heller magert og den vanlegaste frasa (utanom helsingane (og dei er det mange av)) er sielewa-¬eg forstår ikkje. Og uansett kvar me snur og vender oss, seier alle det same – ”Swahili er lett å lære. Om to månadar snakkar du flytande”. Til og med swahililæraren vår, Mzee Sango er av same oppfatning. ”Åh, frå Norge seier du? Nordmenn tar alltid Swahili veldig lett.”
Vel, eg synest ikkje swahili er lett. Og her skal de få vite nokre grunnar kvifor.

1. Substantivklassar
Swahili har ikkje kjønn på substantiv, men klassar. Åtte ulike haugar av ord som kvar på sin måte skal handsamast med respekt og individualisme.

2. Bøying av (nesten) alle ordklassar.
Dei nevnte substantivklassane skaper ikkje berre trøbbel for seg sjølve, dei er også ute og lagar dårleg stemning for alle andre uforvarande ord som måtte komme i vegen, ingen slepp unna. Ta for eksempel ordet ”av” på norsk. Eit lite, enkelt ord som i det norske språket ikkje skapar oppstyr av noko slag, det berre glir fint inn i setningen utan å sjekke om substantivet er organisk levande(i så fall: plante, dyr, menneske eller utviklingshemma menneske? Er du blind, døv eller lam, blir du på swahili rekna som ein ting og ikkje lenger eit levande vesen), abstrakt eller låneord og så vidare. Og sjølvsagt må dette ordet bøyast for eintal eller fleirtal. Det betyr at du må skilje mellom 16 ulike kategoriar berre for å avgjere korleis ”av” skal skrivast. (Cha, Vya, Ya, Za, Wa og så vidare – eg kan ikkje alle enno). Same prosessen gjeld for alle ordklassar! Til og med talet to må bøyast, i eintal og fleirtal! Eg har fortsatt litt problemer med å skjøne at det fins to i eintal...
3. Einstavelsesverb.

Her kjem eg nok lengst med å vise eit eksempel. Å ete på swahili er kula. (Dette var sjølvsagt eit av dei første orda eg lærte på swahili, matvrak som eg er...) ”Ku” er er infinitivsmerket (”å”), medan ”la” er sjølve verbet. Anvendt blir det slik:
Ninakula– Eg et(Direkte oversett: Eg–no–å-ete)
Sili – Eg et ikkje (Direkte oversett: Nektande eg-et)
Dette er eit regelrett verb, og bøyinga er difor ikkje eit spesialtilfelle.
Den observante blogglesar har allereie observert at det einaste som er igjen av verbet eg ein fattig bokstav, ”l”. Blir denne bokstaven bytta ut er det eit anna meining i setningen, ”Ninakuja” tyder eg kjem og ”Siji” tyder eg kjem ikkje. ”Ninakufa” derimot, tyder eg døyr. Her gjeld det å stokke tunga rett.
Rett nok er ikkje alt heilsvart, det fins positive sider ved dette språket:
• Uttalen er relativt grei, det er berre å legge trykk på nest siste staving.
• Det fins reglar for alt, og er det eit unnatak så er det ein regel som styrer det og.
• Det er ganske fascinerande at eit ord kan innehalde ein heil setning.
Eksempel:
Anawafanyakazi – He is working with them
A-na-wa-fanya-kazi – (Lit: He-now-them-commit-work)

Ellers har me valt song til framføring i bryllaupet. Me er ganske nøgde sjølve, men eg trur ikkje me avslører resultatet før bjørnen er skoten som det heiter. Skyene lurer i horisonten og den lille regntida starter kva dag som helst. Kanskje eg får bruk for allværsjakken! Den er sjølvsagt med på tur...