onsdag 5. november 2008

Swahili – inntrykk etter 20 timar på skulebenken. Åtvaring, høg språknerdefaktor!

Me er no kome eit stykke ut i swahilikurset vårt. Ordklassar, verbtider og bøyingar sprett rundt i hovudet mitt utan mål og meining. Rett nok blir det fleire og fleire ”knaggar” å henge orda på, men fortsatt er me berre i oppstartsfasen der mykje blir blanda saman, vokabularet er heller magert og den vanlegaste frasa (utanom helsingane (og dei er det mange av)) er sielewa-¬eg forstår ikkje. Og uansett kvar me snur og vender oss, seier alle det same – ”Swahili er lett å lære. Om to månadar snakkar du flytande”. Til og med swahililæraren vår, Mzee Sango er av same oppfatning. ”Åh, frå Norge seier du? Nordmenn tar alltid Swahili veldig lett.”
Vel, eg synest ikkje swahili er lett. Og her skal de få vite nokre grunnar kvifor.

1. Substantivklassar
Swahili har ikkje kjønn på substantiv, men klassar. Åtte ulike haugar av ord som kvar på sin måte skal handsamast med respekt og individualisme.

2. Bøying av (nesten) alle ordklassar.
Dei nevnte substantivklassane skaper ikkje berre trøbbel for seg sjølve, dei er også ute og lagar dårleg stemning for alle andre uforvarande ord som måtte komme i vegen, ingen slepp unna. Ta for eksempel ordet ”av” på norsk. Eit lite, enkelt ord som i det norske språket ikkje skapar oppstyr av noko slag, det berre glir fint inn i setningen utan å sjekke om substantivet er organisk levande(i så fall: plante, dyr, menneske eller utviklingshemma menneske? Er du blind, døv eller lam, blir du på swahili rekna som ein ting og ikkje lenger eit levande vesen), abstrakt eller låneord og så vidare. Og sjølvsagt må dette ordet bøyast for eintal eller fleirtal. Det betyr at du må skilje mellom 16 ulike kategoriar berre for å avgjere korleis ”av” skal skrivast. (Cha, Vya, Ya, Za, Wa og så vidare – eg kan ikkje alle enno). Same prosessen gjeld for alle ordklassar! Til og med talet to må bøyast, i eintal og fleirtal! Eg har fortsatt litt problemer med å skjøne at det fins to i eintal...
3. Einstavelsesverb.

Her kjem eg nok lengst med å vise eit eksempel. Å ete på swahili er kula. (Dette var sjølvsagt eit av dei første orda eg lærte på swahili, matvrak som eg er...) ”Ku” er er infinitivsmerket (”å”), medan ”la” er sjølve verbet. Anvendt blir det slik:
Ninakula– Eg et(Direkte oversett: Eg–no–å-ete)
Sili – Eg et ikkje (Direkte oversett: Nektande eg-et)
Dette er eit regelrett verb, og bøyinga er difor ikkje eit spesialtilfelle.
Den observante blogglesar har allereie observert at det einaste som er igjen av verbet eg ein fattig bokstav, ”l”. Blir denne bokstaven bytta ut er det eit anna meining i setningen, ”Ninakuja” tyder eg kjem og ”Siji” tyder eg kjem ikkje. ”Ninakufa” derimot, tyder eg døyr. Her gjeld det å stokke tunga rett.
Rett nok er ikkje alt heilsvart, det fins positive sider ved dette språket:
• Uttalen er relativt grei, det er berre å legge trykk på nest siste staving.
• Det fins reglar for alt, og er det eit unnatak så er det ein regel som styrer det og.
• Det er ganske fascinerande at eit ord kan innehalde ein heil setning.
Eksempel:
Anawafanyakazi – He is working with them
A-na-wa-fanya-kazi – (Lit: He-now-them-commit-work)

Ellers har me valt song til framføring i bryllaupet. Me er ganske nøgde sjølve, men eg trur ikkje me avslører resultatet før bjørnen er skoten som det heiter. Skyene lurer i horisonten og den lille regntida starter kva dag som helst. Kanskje eg får bruk for allværsjakken! Den er sjølvsagt med på tur...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å høyra at du slit med språket. på ei øde øy med eit lite geni av ein trønder på team er det lett å føle seg einsam og forlatt. Trøstande ord om forvirring og dårleg stemning blandt substantiva er difor godt nytt her i Tana.
Ser fram til resultata av sjeggekonkuransen. Hels Henrik, og sei: nanana anana namana ( venn har spiselig grønt blad ), og mora sy mora antitra neninao ( din mor er billig og eldes raskt). KLem Øyvin

fullmåne sa...

Me skulle visst hatt fleire sangar på Swahili på søndagsskulen og bedehuset...

fullmåne sa...

Unnskyld, kiSwahili blir det vel

Anonym sa...

Sielewa au sielewi?
Kiswahili er digg! Stå på, utafaulu!
Gjett om någen har slete før deg??