For dei som ikkje veit kva Haydom er, så dreier det seg om eit sjukehus som ligg øde til midt på høgslettene ved Great Rift Valley, retning vestover frå Arusha. Eg vil påstå at Haydom ligg relativt usentralt til. Det tek omtrent 6 timar å køyre til næraste plass der du kan kjøpe melk på kartong, og minst tolv timar til næraste stad dei sel grovt mjøl(då må du ut av landet...). 6 timar er vel å merke tida det tek dersom du køyrer standsmessig med Toyoya Landcruiser. Dersom du køyrer rutebuss må du rekne med å reise så lenge at fager kveldssol smiler og etter kvart lukker sitt auge lenge før du er i nærleiken av destinasjonen. No er forresten regntida i gong, slik at det er ikkje sikkert at bussen kjem fram i det heile...
Men attende til sjukehuset. Det dreier seg ikkje om eit kva som helst sjukehus, eg er tross alt ikkje så interessert i sjukehus i seg sjølve at eg reiser hundrevis av kilometer for å sjå korridorpasientar, lange køar til poliklinikken eller overarbeida ansette, dette fins jo til og med heime i Noreg. Men Haydom er annleis. Gjennom heile barndomen har me samla inn pengar til dette eventyrslottet langt langt vekke i eit land der dei kviler hovudet på ein liten krakk når dei søv, drep løver om dei ikkje søv og der alle smiler fint og oppstil på lysbiletene som den aldrande misjonæren viser stolt for heimbygda si. For meg, og sikkert for mange andre, har Haydom ein spesiell status. Kvart år strikker bestemødre sokkar til julemessa, ungar sel sjølvlagde malerier og til og med 14-åringar som er alt for kule til slikt går med på å vaske bilen til far for 100 kr når det er snakk om Haydom. Haydom Lutheran Hospital.
Og plutseleg får me moglegheit til å besøkje dette vidunderet! Det er klart me takkar ja! Torsdag 7. november lot me swahilikurs vere swahilikurs, fotballtrening vere fotballtrening (noko som gjorde at eg vart teken ut av startoppstillinga dagen etter, då CHRISC-Arusha gjekk på ein lei smell i treningskamp mot eit skulelag i Arusha...) pakka bagen vår og møtte opp på kontoret til Eivind Johannes, spente som – ja to gutar som skal reise med småfly for fyrste gong.
Til tross for mørke skyer trua gjekk turen inn til Haydom svært knirkefritt. Det var faktisk ein fordel med skyene. Eitmotors stempelmotorfly har ikkje lov å flyge på instrument, altså i skyer og i mørkre, dermed flaug me lågt og fekk sjå endå betre!Henrik og Nikodemus i firsprang rundt paa Haydom
Vel framme på Haydom blir me køyrde inn på sjukehusområdet i lag med sjukehusdirektør og visedirektør, før me inntok ein rask, men god lunsj i familien Olsen si stove. No hadde me mindre enn ein time til flyet vårt gjekk i retur, så me sprang rundt på sjukehuset medan labteknikar Nikodemus eminent forklarte kva dei ulike bygningane innehaldt. Akkutmottak her, fødestove der, tuberkulosesengepost, avrusingsklinikk, radiografi, laboratorium, barneavdeling. Så fort gjekk det, klokka nærma seg drastisk tre, me takka for omvisninga og vart køyrde ut til flystripa.Men i løpet av av omvisninga hadde det byrja å regne. Og her snakker me ikkje om yr, men ekte høljeregn. Småfly er ikkje så glade i regn, spesielt ikkje under letting og landing. Dermed sat me på flystripa og venta på betre tider.
Siste avgangstid nærma seg, me måtte vere i Arusha før sola gjekk ned. Me kom oss av garde i eit ”vindauge” 20 minutt før deadline, etter dette hadde me fått ei ekstra natt i Haydom om me ville det eller ikkje.
Copilot Mambo Leo er noegd med aa komme opp i lufta
Etter ein time i lufta der me såg Great Rift Valley, karakteristiske masailandsbyar, og ikkje minst litt etterlengta vatn i elveleia kring i landet, var me attende i Arusha.Copilot Mambo Leo er noegd med aa komme opp i lufta
Eventyrslottet i landet langt langt vekke er fortsatt eit eventyr, men eit eventyr me har sett med eigne auge! Ikkje berre eit sjukehus som betyr liv eller død for eit hav av folk, men også ein arbeidsplass for over 500 lokalt ansatte, sjukepleiarskule, gardsdrift og meir. Så, til alle der heime som lurer på kor mange lodd dei skal kjøpe i fruktkorg-boka på Haydom-basaren på bedehuset. Kjøp heile boka og endå meir! Dette er bistand som fungerer.
4 kommentarer:
Haydom gitt! Alle dei årå me har strevd. Spesielt den gongen, trur eg gjekk både heilt opp på Hauen og heilt te Miss universe for å selga dei hersens loddå, me dagen itte salget fekk beskjed om at alle loddpengene va stjålne! JEeeZZEZ! Bra blogg. Ser fram te lysbildeshow og å prøva afrikanske klær nårf du e attende... Komme du heim te jul eller?
Fantastisk å lesa! For ei som har vore i Haydom litt lenger enn 50 minutt framkalle dette sterke minner og et ønske om å komma tbage så snart så muligt! Du e god å skriva, Helga! E innom bloggen i ny og ne. Ha d fantastisk bra!
Sorry, meinte Helge...:-)Fort gjort med ein skriveleif...
Kjempe bra blogg Helge. Kjekt å lese om dine skidringer og betraktninger om det som skjer.
mvh Per Ove Malmin
Legg inn en kommentar