Etter at Pål Egil flytta inn til jul, fekk middagskulturen i Udbyes gt 2a ein oppsving av dimensjonar. (Sorry Eimund, pariserpizzaen din var ikkje noko kulinarisk høgdepunkt, spesielt ikkje tredje veka på rad...) Bildet viser Pål Egil som baker kake. Med drill og kalkulator. Slik går det når studentar på gamle NTH tar ansvar på kjøkenet.
Me vart enige om å ha felles mat alle fire (Kai Egil, Pål Egil, Christian (Egil) og Helge (Egil)), og ikkje nok med det: Ingen hadde lov å servere ein middagsrett som allereie hadde vorte presentert på stovebordet tidlegare dette året. Straffa for å kopiere middagsrett var at ein måtte lage dessert i tillegg, men det vart ingen dessert... Her kjem lista over 60 meir eller mindre unike middagsrettar. Rettane er skrivne opp i rekkefølge, nøyaktig slik kokken presenterte dei:
- Sursøt saus, kylling, ris PE
- Ostepølse, stekte grønnsaker og potetbåtar H
- Pasta Carbonara PE
- Aure med saus og poteter KE
- Toro Amerikansk gryte Chr
- Pizza med kjøtdeig og bacon H
- Rester
- Laks+potet+spinatting PE
- Løvbiff-burger KE
- Bali kyllinggryte m/ ris Chr
- Strimla svinekjøt, sitronsaus og tagliatelle H
- Pita - type gresk PE
- Kjøtkaker KE
- Bergensk fiskesuppe Chr
- Fajitas H
- Pølse+Tomatsaus+Spaghetti PE
- Toro Beta-suppe Chr
- Kylling+Ovnstekte grønnsaker+Ris PE
- BIG ONE Double Pepperoni Chr
- Graut, risengryn, 15 min PE
- Toro Bolognese Gryte m. spagetti Chr
- Plukkfisk H
- Pølsegrateng KE
- Pannekake PE
- Toro Gul Ertersuppe m bacon Chr
- Blodpølse & Kålrabistappe H
- Jegergryte med potetmos KE
- Toro Lasagne PE
- Toro Meksikansk gryte Chr
- Blomkålsuppe og spekemat H
- Omelett+Salat+Brød PE
- Toro Orientalsk gryte Chr
- Kylling, fløytesaus, ris H
- Svinekoteletter og grønnsaker, bakt PE
- Brun Lapskaus (ikkje Toro?!) Chr
- Fiskeboller KE
- Pita-pizza H
- Pasta+Pølse+Grønnsaker+Salat PE
- Toro spansk gryte Chr
- Pizza med biff og blåmuggost KE
- Biff, fløytegratinerte poteter, smørdampa brokkoli og steikte tomater H
- Mousaka med aubergin PE
- Toro Stroganoff gryte Chr
- Panert fisk, kvit saus, potet, brokkoli KE
- Pizza Fresca H
- Pasta-Pesto-salat PE
- Pølser & potetstappe Chr
- Chilli con carne KE
- Biffpai H
- Fiskesuppe a la Pål PE
- Sweet&Sour, kylling og ris Chr
- Breiflabb-wok H
- Pastaform, side 68, gresk PE
- Karbonade med poteter og kålstuing KE
- Pizza Calzone H
- Tacos Chr
- Ovnsbakt sei, grønnsaker og grønn saus PE
- Marinert ovnsteikt aure, potet og gulrot KE
- Pølse med brød, potetsalat osv H (Første grilldag, 12. mars!)
- Marinert kylling, ris, Bernaise +++ KE
Etter å ha digitalisert lista, ser eg at Sursøt saus, kylling og ris er servert to gonger! Christian, du skylder ein dessert! :-) Bra kamuflasjeforsøk var det likevel.
Dersom nokon ønsker utfyllande opplysningar om matrettane, lyt ein ta kontakt med den respektive kokken.
3 kommentarer:
Hæ, har du lagt dette te middag Helge???!
Eg bestille nr 6, 49 og 52 denne veka. Thanks.
-Litlasyster
Isje verst altså, men ser at Christian e toro-tilhengar!!!
Kjekt med blogg, ska fylla med på denne framøve!
kjært barn har mange navn, ikke sant Kim Helge Egil Forresten.
plukkfisk gir mye kred hos den nordnorske kontigenten av bloggkommentatorer.
Legg inn en kommentar