fredag 3. oktober 2008
Status
tirsdag 30. september 2008
1. mai
-er det ingen som snakkar om økonomikrise lenger.
-ligg Viking på topp av Tippeligaen 2009 med 15 poeng.
-er den yngste niesa mi blitt tre gonger så gamal.
-syng folk "Internasjonalen" og går i tog for 5 timars arbeidsdag
-er den norske valkampen i gong igjen, med politikarar som snakkar i munnen på kvarandre, ler av kvarandre og rister på hovudet.
-har eg fylt opp harddisken med bilder, hovudet med swahili og hjarta med inntrykk
-er eg mange erfaringar rikare. Mange.
onsdag 10. september 2008
Over Hald-vegs i haustkurset!
Den 4. veka på hald går no mot slutten, og det er ikkje meir enn tre veker til det trygge Sørlandet blir bytta ut med den store verda, i mitt tilfelle representert ved Arusha i Tanzania. Den fyrste oktober går turen sørover, først til Uganda der me skal ha eit lite opphald på Strømmestiftelsen sitt kontor i Kampala i Uganda, før ferda går vidare via Kenya til Tanzania.
Førebuingane går altså mot slutten, og me har hatt ein del undervisning som kjem godt med under opphaldet. Her kan me nevne forelesningar om årsaker til fattigdom, utdanningsopplegg til Strømmestiftelsen, førebuing på ting som kan fungere suboptimalt og så vidare.
I tillegg til den formelle delen av undervisninga lærer ein like mykje av å snakke med folk frå andre delar av verda. Sidan 14 nasjonar er representert på internata på Hald, har ein mulighet til å skaffe seg venner frå heile verda, og gjennom dette få klarlagt kulturforskjellar, myter og fakta om mange land i verda.
Når det gjeld arbeidsoppgåvene i Arusha skal eg kome tilbake til dette seinare, når eg veit litt meir sjølv. Det som er sikkert, er at det skal spelast fotball når høve byr seg!

Fotball kan spelast av alle med eit minimum av utstyr, er inkluderande og treng ikkje store språkkunskaper. Eg gleder meg!
søndag 7. september 2008
Raud musikk
I det siste har tanken om 200 dagar utan tangentar under fingrane slått meg. Forskjellige forslag er tatt opp til vurdering, for eksempel lage piano i Tanzania eller kjøpe eit billig piano som eg våger å ta med meg. Diverre er vektbegrensinga på flyet 23 kg eller någe sånn, og ikkje 2300 kg. Løysinga måtte difor vere mindre og meir elegant.
Så jobben med å erstatte dette:

Går til denne lille krabaten:
Begge er i alle fall kledeleg raude!
lørdag 6. september 2008
søndag 24. august 2008
Gapminder

Dagens innlegg er anbefaling av ei nettside: www.gapminder.org
Denne sida viser grafisk framstilling av forskjellig statistikk som kan relaterast til velstanden til eit land. For eksempel, forventa levealder plotta mot BNP for Norge og Tanzania som vist her. Eventuelt kan du sjekke utviklinga i folketalet i Rwanda i perioden 1993 til 1995. God surf!
søndag 10. august 2008
Kajakktur i Sogn

Søndag 4. august starta den tradisjonsrike* sommarpadleturen, denne gong i fjordane i Sogn. Tre erfarne** padlarar la i veg ut i frå Gudvangen søndag kveld, med mål om å nå Salthella ca 10 km lenger ute i fjorden. Det gjekk rykter om kor framifrå fin denne teltplassen skulle vera, men diverre var den allerede okkupert av fem engelske ungdommar. Me vart sjølvsagt inviterte på te, kjeks og teltplass vegg i vegg med deira telt, men takka fint*** nei og padla rett over fjorden der me fann ein bra erstatning.
Dag to innebar 10 km padling før me sprang opp til Stigen, ein gard som ligg 300m over fjorden. Denne kan ein kun nå ved å gå opp ein usakleg bratt sti. Denne garden er ein god kandidat til serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", kanskje den allereie har vore med. Kva veit eg. Vidare gjekk turen til Beitlanipo, ein skrent der du ser 700m rett ned i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Spektakulært! Denne staden er ein god kandidat til serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - og det gjer det heller ikkje".
Dag tre gjekk ut Aurlandsfjorden til Ytre* Frønningen. Dette er ein stad der det er færre fastbuande enn det er tær på ein gjennomsnittleg fot. Likevel vart han som eigde jorda her omtala som "Godseigaren". Alle hadde tydelegvis uvanleg mykje respekt for "Godseigaren", og eg er rimeleg sikker på at han vanlegvis spankulerer rundt i bygda med flosshatt og stav og går på revejakt og snakkar engelsk. I grunnen like greit at me aldri møtte han når eg tenkjer meg om. I Frønningen var det både fint og flått, mest flått. Flåtten har ein lei tendens til å setje seg fast på stader der sola ikkje så ofte skin, men nok om det.
Dag fire fekk kajakkane kvila, då me gjekk på ein strabasiøs fjelltur tur-retur Bleia, 1717 moh. Heile turen var på drøyt 25 km og me brukte i overkant av 10 timar på dette. 700 av høgdemetrane vart forsert i steinur på GPS i skodde, heldigvis letta det på toppen slik at me hadde fin utsikt, blant anna til Balestrand der skribenten har tilbrakt to år på skule.
Dag fem var me tilbake i kajakkane, grundig tilbake i kajakkane. Seks timar, 30 km, og ein rusten spikar i handa***** seinare kom me til kveldens overnattingsplass, som såg bra ut frå sjøen. 15 grader helning og to kvadratmeter telt fordelt på tre svette karar gav uforståeleg nok lite søvn. Ekstra koseleg er det å finne ein perfekt, 100% horisontal teltplass eit steinsbøkast****** lenger oppe i lia.
Dag seks var meir som ein sjarmøretappe å rekne, med 3 km padling inn til Flåm der turen vart slutta av med Flåmsbanequiz. Alltid tilfredstiljande å vinne konkurransar der totalt unyttig kunnskap blir sett på prøve. (Helge 10 - Runar 7).
Turfakta
Total distanse: Om lag 100 km inkl fot-og padleturar.
Theme song: Rumba med Gunn - Di derre
Snakkis: Stjålen ved
Optimal avstand mellom leir og feltdass
Ekstra nyheitsending frå NRK Sogn og Fjordane
om "Padlarane"
Helge si lånte luftmadrass.
NB, sjekk ut bildene i linken til høgre!
*Femunden i fjor, Sognefjorden i år. Det er vel strengt tatt ikkje tradisjon før tredje året...
** Jens Arne bråstarta padlekarierra si ei veke før turen tok til.
*** Me sa vel strengt tatt bare "Maybe, we'll just take a look around first" før me padla som galne strake vegen rett vekk i frå teltplassen deira... Dei må jo ha tenkt sitt om norsk folkeskikk...
**** Prøv å skriv ytre på tastaturet ditt. Ganske kjekt!
*****Note to self: Dersom ein skal trø sundt ein gammal kai i eit forsøk på å finne ein lunsjplass, bør ein ikkje ta seg for på ein like gammal palle som ligg på kaien, dette medfører spiker i handa og smerte i kroppen.
******Ett steinsbøkast (=4m) må ikkje forvekslas med eit steinkast. Jens Arne er særs dårleg å kaste, han fekk aldri idrettsmerke på barneskulen på grunn av daudt kast med liten ball.