lørdag 12. juli 2008

Helgekurs: Korleis bli kvitt feriepengane dine. Dag 1: Elektroniske duppedittar og gadgets


Det er sommarferie, feriepenger og returskatt er på plass på kontoen. Maten og seng får du gratis heime, så korleis skal du få brukt opp pengane dine fort og gale? Svaret er enkelt: overbevis deg sjølv om at du er pukka naudt til å skaffe deg ein eller anna gadget. I mitt tilfelle: pulsklokke med GPS!

Nytteverdi:

Klokka har ein finfin funksjon som anslår kor hardt du trener (basert på alder, vekt, høyde, tidligare treningserfaring samt puls og kor lenge økta varer). Søndagsfotballen sist torsdag for eksempel, vart ei "4,2-trening". Skalaen slutter på 5, så dette var rimelig intensivt med andre ord. Dermed veit eg at ein maks bør ha 2 så harde økter i veka, og heller nokre rolegare turar utanom. Supernyttig :-)

Gadgetfaktor:

I tillegg til å måle pulsen, har klokka ein GPS-dings som du fester på kroppen ein eller annan plass. Dermed har du kontroll på fart og distanse. Distanse tilbakelagt på torsdag var 8,4 km på knappe to timar. Kjekt å vite:)

I tillegg ser jo klokka unekteleg kul ut!

Over og ut, 

Helge med ein puls på 74 akkurat no!

6 kommentarer:

Unknown sa...

du synes vel han her karen har det gøy også nå eller?

http://www.nook.no/info2007/mini-orientering025.jpg

hører jeg rykter om deg i tights på jakt etter oransje og hvite ting i skogen blir det mer en bare hykkas og wedgier altså!

Helge sa...

åhh sånn vital-tights har eg alltid hatt lyst på. ola, kor e det du pleie kjøba di?

Anonym sa...

By the way. Du kan ikkje stola på den pulsklokkå di. Eg fekk ein møje lågare kvilepuls(62 for å ver nøyaktig) på ein aen pulsmålar. Uansett så bør du endra dei økonomiske vanane dine. Gå meir på Café og få deg sommarjobb med "jentelønn". Trur det vil gjere deg godt.

Malene sa...

Der fann eg sida di gjenom FB. Visste ikkje at du blogga,eg. Flotte bileter frå dåp. Visste heller ikkje at du var sånn ein dugandes fotograf;P Det tredje eg eller ikkje visste var at du skal til Hald. Så kjekt. Gjekk du foressten rett til utdanning eller?

Tove Karin sa...

Nei å nei, Helge. Nå sko eg inn på bloggen din å lesa neste kurs i koss eg ska bli kvitt pengane mine - stor skoffelse at du ikkje har oppdatert si 7 juli..

Jaja, då va det ingenting å kommentera så det får bli me dette. Ha ein go dag:)

Tove Karin sa...

Ok. 12 juli, men ligavel..