tirsdag 11. november 2008

Vårt fyrste Afro-bryllaup

Sjefen paa kontoret vaart, Aron Lomniaki fekk ja fraa si Aika Jonas paa laurdag. Me var i bryllaupet, og her ser du bildene. Du kan lese meir om bryllaupet paa Henrik sin blogg.


Grønfargen som går igjen er fargen til Lomniaki-slekta

Play it, brother!


Den yngste brurepika måtte ha ein pust i bakken halvvegs i vigselen


Planen var å spele keybord, styre rytmeboks, kore for Henrik og blese i melodikaen, men straumen gjekk og det vart kun melodikaen. Den klarte seg fint!


Henrik fann fort gjengen sin


Bryllaupsskyss 1


Bryllaupsskyss 2


Podiet til brureparet. Dei sat bak den store oppsatsen i midten


Alle kjenner vel til den tradisjonsrike mat-kvarandre-med-geitekjøt-seansen


Henrik skjenker foreldrene til Aron. Kanskje litt utanfor arbeidsinnstruksen vår...

fredag 7. november 2008

Haydom rundt på 50 minutt

Den 5. november var starten på ein ganske absurd oppleving her nede. Me stod og snakka med ”Peri” som i tillegg til å jobbe på NLM sitt Scripture Mission-prosjekt og jobber litt for CHRISC i Arusha, og plutseleg fekk han for seg at Henrik og meg skulle til Haydom dagen etter. Det har seg slik at Eivind Johannes, som er pilot for MAF, skulle ein snartur innom Haydom, og han hadde ledige seter i flyet dersom me ville slenge oss på.
For dei som ikkje veit kva Haydom er, så dreier det seg om eit sjukehus som ligg øde til midt på høgslettene ved Great Rift Valley, retning vestover frå Arusha. Eg vil påstå at Haydom ligg relativt usentralt til. Det tek omtrent 6 timar å køyre til næraste plass der du kan kjøpe melk på kartong, og minst tolv timar til næraste stad dei sel grovt mjøl(då må du ut av landet...). 6 timar er vel å merke tida det tek dersom du køyrer standsmessig med Toyoya Landcruiser. Dersom du køyrer rutebuss må du rekne med å reise så lenge at fager kveldssol smiler og etter kvart lukker sitt auge lenge før du er i nærleiken av destinasjonen. No er forresten regntida i gong, slik at det er ikkje sikkert at bussen kjem fram i det heile...
Men attende til sjukehuset. Det dreier seg ikkje om eit kva som helst sjukehus, eg er tross alt ikkje så interessert i sjukehus i seg sjølve at eg reiser hundrevis av kilometer for å sjå korridorpasientar, lange køar til poliklinikken eller overarbeida ansette, dette fins jo til og med heime i Noreg. Men Haydom er annleis. Gjennom heile barndomen har me samla inn pengar til dette eventyrslottet langt langt vekke i eit land der dei kviler hovudet på ein liten krakk når dei søv, drep løver om dei ikkje søv og der alle smiler fint og oppstil på lysbiletene som den aldrande misjonæren viser stolt for heimbygda si. For meg, og sikkert for mange andre, har Haydom ein spesiell status. Kvart år strikker bestemødre sokkar til julemessa, ungar sel sjølvlagde malerier og til og med 14-åringar som er alt for kule til slikt går med på å vaske bilen til far for 100 kr når det er snakk om Haydom. Haydom Lutheran Hospital.
Og plutseleg får me moglegheit til å besøkje dette vidunderet! Det er klart me takkar ja! Torsdag 7. november lot me swahilikurs vere swahilikurs, fotballtrening vere fotballtrening (noko som gjorde at eg vart teken ut av startoppstillinga dagen etter, då CHRISC-Arusha gjekk på ein lei smell i treningskamp mot eit skulelag i Arusha...) pakka bagen vår og møtte opp på kontoret til Eivind Johannes, spente som – ja to gutar som skal reise med småfly for fyrste gong.




Til tross for mørke skyer trua gjekk turen inn til Haydom svært knirkefritt. Det var faktisk ein fordel med skyene. Eitmotors stempelmotorfly har ikkje lov å flyge på instrument, altså i skyer og i mørkre, dermed flaug me lågt og fekk sjå endå betre!Henrik og Nikodemus i firsprang rundt paa Haydom

Vel framme på Haydom blir me køyrde inn på sjukehusområdet i lag med sjukehusdirektør og visedirektør, før me inntok ein rask, men god lunsj i familien Olsen si stove. No hadde me mindre enn ein time til flyet vårt gjekk i retur, så me sprang rundt på sjukehuset medan labteknikar Nikodemus eminent forklarte kva dei ulike bygningane innehaldt. Akkutmottak her, fødestove der, tuberkulosesengepost, avrusingsklinikk, radiografi, laboratorium, barneavdeling. Så fort gjekk det, klokka nærma seg drastisk tre, me takka for omvisninga og vart køyrde ut til flystripa.
Men i løpet av av omvisninga hadde det byrja å regne. Og her snakker me ikkje om yr, men ekte høljeregn. Småfly er ikkje så glade i regn, spesielt ikkje under letting og landing. Dermed sat me på flystripa og venta på betre tider.

Fint fotover, daarleg flyver...

Siste avgangstid nærma seg, me måtte vere i Arusha før sola gjekk ned. Me kom oss av garde i eit ”vindauge” 20 minutt før deadline, etter dette hadde me fått ei ekstra natt i Haydom om me ville det eller ikkje.
Copilot Mambo Leo er noegd med aa komme opp i lufta

Etter ein time i lufta der me såg Great Rift Valley, karakteristiske masailandsbyar, og ikkje minst litt etterlengta vatn i elveleia kring i landet, var me attende i Arusha.
Eventyrslottet i landet langt langt vekke er fortsatt eit eventyr, men eit eventyr me har sett med eigne auge! Ikkje berre eit sjukehus som betyr liv eller død for eit hav av folk, men også ein arbeidsplass for over 500 lokalt ansatte, sjukepleiarskule, gardsdrift og meir. Så, til alle der heime som lurer på kor mange lodd dei skal kjøpe i fruktkorg-boka på Haydom-basaren på bedehuset. Kjøp heile boka og endå meir! Dette er bistand som fungerer.

onsdag 5. november 2008

Swahili – inntrykk etter 20 timar på skulebenken. Åtvaring, høg språknerdefaktor!

Me er no kome eit stykke ut i swahilikurset vårt. Ordklassar, verbtider og bøyingar sprett rundt i hovudet mitt utan mål og meining. Rett nok blir det fleire og fleire ”knaggar” å henge orda på, men fortsatt er me berre i oppstartsfasen der mykje blir blanda saman, vokabularet er heller magert og den vanlegaste frasa (utanom helsingane (og dei er det mange av)) er sielewa-¬eg forstår ikkje. Og uansett kvar me snur og vender oss, seier alle det same – ”Swahili er lett å lære. Om to månadar snakkar du flytande”. Til og med swahililæraren vår, Mzee Sango er av same oppfatning. ”Åh, frå Norge seier du? Nordmenn tar alltid Swahili veldig lett.”
Vel, eg synest ikkje swahili er lett. Og her skal de få vite nokre grunnar kvifor.

1. Substantivklassar
Swahili har ikkje kjønn på substantiv, men klassar. Åtte ulike haugar av ord som kvar på sin måte skal handsamast med respekt og individualisme.

2. Bøying av (nesten) alle ordklassar.
Dei nevnte substantivklassane skaper ikkje berre trøbbel for seg sjølve, dei er også ute og lagar dårleg stemning for alle andre uforvarande ord som måtte komme i vegen, ingen slepp unna. Ta for eksempel ordet ”av” på norsk. Eit lite, enkelt ord som i det norske språket ikkje skapar oppstyr av noko slag, det berre glir fint inn i setningen utan å sjekke om substantivet er organisk levande(i så fall: plante, dyr, menneske eller utviklingshemma menneske? Er du blind, døv eller lam, blir du på swahili rekna som ein ting og ikkje lenger eit levande vesen), abstrakt eller låneord og så vidare. Og sjølvsagt må dette ordet bøyast for eintal eller fleirtal. Det betyr at du må skilje mellom 16 ulike kategoriar berre for å avgjere korleis ”av” skal skrivast. (Cha, Vya, Ya, Za, Wa og så vidare – eg kan ikkje alle enno). Same prosessen gjeld for alle ordklassar! Til og med talet to må bøyast, i eintal og fleirtal! Eg har fortsatt litt problemer med å skjøne at det fins to i eintal...
3. Einstavelsesverb.

Her kjem eg nok lengst med å vise eit eksempel. Å ete på swahili er kula. (Dette var sjølvsagt eit av dei første orda eg lærte på swahili, matvrak som eg er...) ”Ku” er er infinitivsmerket (”å”), medan ”la” er sjølve verbet. Anvendt blir det slik:
Ninakula– Eg et(Direkte oversett: Eg–no–å-ete)
Sili – Eg et ikkje (Direkte oversett: Nektande eg-et)
Dette er eit regelrett verb, og bøyinga er difor ikkje eit spesialtilfelle.
Den observante blogglesar har allereie observert at det einaste som er igjen av verbet eg ein fattig bokstav, ”l”. Blir denne bokstaven bytta ut er det eit anna meining i setningen, ”Ninakuja” tyder eg kjem og ”Siji” tyder eg kjem ikkje. ”Ninakufa” derimot, tyder eg døyr. Her gjeld det å stokke tunga rett.
Rett nok er ikkje alt heilsvart, det fins positive sider ved dette språket:
• Uttalen er relativt grei, det er berre å legge trykk på nest siste staving.
• Det fins reglar for alt, og er det eit unnatak så er det ein regel som styrer det og.
• Det er ganske fascinerande at eit ord kan innehalde ein heil setning.
Eksempel:
Anawafanyakazi – He is working with them
A-na-wa-fanya-kazi – (Lit: He-now-them-commit-work)

Ellers har me valt song til framføring i bryllaupet. Me er ganske nøgde sjølve, men eg trur ikkje me avslører resultatet før bjørnen er skoten som det heiter. Skyene lurer i horisonten og den lille regntida starter kva dag som helst. Kanskje eg får bruk for allværsjakken! Den er sjølvsagt med på tur...

mandag 27. oktober 2008

Bilder!

Endeleg, her kjem eit lite knippe bilder fraa Afrika. Enjoy!


Fotballbanen vaar. Geitene har starta oppvarminga



Fotballkamp med laget vaart , Mt Meru i bakgrunnen



Joseph Machabe, accountant i CHRISC TZ, og snakker faktisk litt norsk!


Yesu ni bwana = Jesus er Herre

Henrik og Phinneus. Henrik til venstre...




Kontoret vaart



fredag 17. oktober 2008

Du skal ikkje skue hunden paa tennene

No har me innstallert oss paa ein internettkafe her i Arusha, med raskt internett, men utan aa klare aa bruke USB-pinnen min slik at bildene faar vente litt lenger. Uansett.

Sidan sist har me kome godt i gong med swahilitimane vaare! Henrik og meg har to timar til dagen med ein koseleg og vis mann som lerar, og med bare oss to i klassen. Det gaar ganske fort framover, saa me maa pugge litt heime kan du sei.
I gaar var me skikkeleg turistar, og hang og slang ved eit basseng i turistdelen av Arusha. Ein gjeng som har praksis paa Haydom er paa ferie i byen, og me joina dei paa ein skikkeleg turistdag med Lonely planeten i handa og shorts paa beina. Etter aa ha slacka ved bassenget om ettermiddagen, var me og aat paa ein finfin kinesisk restaurant, for oevrig foerste gang me var ute noko saerleg etter det har blitt moerkt her nede. Det betyr at me maa snakke med Landlorden vaar og be han om aa ikkje sleppe ut hundane foer me er i hus. Vakta i oppkjoerselen vaar er av typen firbeint, ein elegant bastard blanding av alle hunderasar du kan namnet paa. Denne er trena opp til aa bite folk, saa dersom du vil unngaa rabies er det best aa halde seg vekke.

Vanlegvis bestaar kveldane vaare av aa lage mat, vaske opp, lese litt kiswahili, sjaa nyhende paa Al Jazeera, vaske litt klede og gjerne sjaa ein episode Scrubs fraa PCen akkopagnert av ein "antibac til innvortes bruk" av skotsk opphav.

Sist helg fekk eg proeve meg som dommar i ei fotballturnering her nede, litt utfordrande naar ingen av spelarane snakker engelsk men det gjekk fint! Ingen opptoeyer blant publikum, og eskorte ut fraa banen var ikkje noedvendig.
Paa soendag reiser me til Tanga (kult navn paa ein by med badestrand...) og alle tanzanianarar seier "Ahh, der e d fint, men veldig varmt samanlikna med kalde Arusha!"
I Tanga (eller paa Tanga, litt usikker. I Tanga klinger litt rart) skal me sjaa og laere korleis CHRISC-workshopar blir haldne. Det blir goey!

Snakkes plutseleg! Husk aa legge inn songforslag i foerre innlegg, me har ikkje bestemt oss enno!

lørdag 11. oktober 2008

The wedding singers: DU bestem songen!

Nasjonalkoordinatoren i Chrisc, Aron Lonmyaki (med det klingande norske kallenamnet "lompe") er vorten vaksen, og skal gifte seg 8. november. I den samanheng har me blitt spurt(og takka ja...) om me kan bidra med underhaldning, type synge og spele. Instrumenta me har tilgjengelege er gitar, synth(visstnok, den kan me ikkje oeve paa foer i bryllaupet trur eg...) min tidlegare nemnte og eminente melodika, samt dei vakre strupelydane til Henrik og underteikna.

Dermed vil eg gjerne at du kjem med sangforslag i kommentarfeltet! Gjerne med ei beskriving av kvifor dette er den rette songen. Songen kan gjerne vere paa norsk!

Eit eksempel:
Siste dansen - Vassendgutane: Aldri feil med ein sunnmoersk klinesong! (sitat Henrik, sjoelvsagt)


Bryllaupet er av vanleg tanzaniansk storleik, det vil seie 600 gjester (602 inkludert oss).
Fyr laus med gode forslag!

onsdag 8. oktober 2008

Wazungu wawili kwenye Arusha

Foerst maa eg beklage meg for aa legge ut faa bilder her paa bloggen. Men internettet er saa pass treigt at det ikkje lar seg gjere aa leggje ut bileter. Difor faar me noeye oss med tekst. Me er altsaa paa plass paa kontoret til CHRISC i Arusha, eit rom paa omtrent 15 kvadrat der tre personar i tillegg til oss jobber. Aron som er nasjonalkoordinator, Phinneus som er utdanningsanvarleg i CHRISC, og Joseph som styrer oekonomien. Foreloepig gaar dagane med til aa bli kjent med byen, kjoepe noedvendige ting til leiligheten og snakke med folk. I gaar var me paa byvandring, og blir "angripen" av ein avisselgar, for saa vidt ikkje saa uvanleg her nede. Det spesielle var at den foerste avisa han drar fram er Stavanger Aftenblad. Rett nok i brukt utgaave, kun foerste del, og fraa forrige fredag, men likevel! Dette tyder paa at me ikkje er dei foerste kvite her i byen, og folk flest har nok sett ein nordmann foer.

I dag nar me tok Daladalaen til jobb, proevde konduktoeren aa svindle Henrik for 100TSH (omkring 50 oere). "Mia moja,"(ett hundre) svarer Henrik paa sin foreloepig noksaa begrensa swahili. Konduktoeren gir noksaa motvillig vekslepengene til Henrik, og klager litt paa mzunguane til dei andre passasjerane. (Phinneus har oversatt til oss i etterkant). Deretter annonserer han foer eg skal betale, at folk maa legge merke til ansiktsutrykket mitt i det han gjer meg for lite vekslepenger. Naar eg ogsaa vil ha vekslepengene mine, skaper det stor latter blant passasjerane. Eg gleder meg til aa kunne nok swahili til aa kunne ta igjen ;)