søndag 24. august 2008

Gapminder


Dagens innlegg er anbefaling av ei nettside: www.gapminder.org

Denne sida viser grafisk framstilling av forskjellig statistikk som kan relaterast til velstanden til eit land. For eksempel, forventa levealder plotta mot BNP for Norge og Tanzania som vist her. Eventuelt kan du sjekke utviklinga i folketalet i Rwanda i perioden 1993 til 1995. God surf!

søndag 10. august 2008

Kajakktur i Sogn


Søndag 4. august starta den tradisjonsrike* sommarpadleturen, denne gong i fjordane i Sogn. Tre erfarne** padlarar la i veg ut i frå Gudvangen søndag kveld, med mål om å nå Salthella ca 10 km lenger ute i fjorden. Det gjekk rykter om kor framifrå fin denne teltplassen skulle vera, men diverre var den allerede okkupert av fem engelske ungdommar. Me vart sjølvsagt inviterte på te, kjeks og teltplass vegg i vegg med deira telt, men takka fint*** nei og padla rett over fjorden der me fann ein bra erstatning. 

Dag to innebar 10 km padling før me sprang opp til Stigen, ein gard som ligg 300m over fjorden. Denne kan ein kun nå ved å gå opp ein usakleg bratt sti. Denne garden er ein god kandidat til serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", kanskje den allereie har vore med. Kva veit eg. Vidare gjekk turen til Beitlanipo, ein skrent der du ser 700m rett ned i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Spektakulært! Denne staden er ein god kandidat til serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - og det gjer det heller ikkje".

Dag tre gjekk ut Aurlandsfjorden til Ytre* Frønningen. Dette er ein stad der det er færre fastbuande enn  det er tær på ein gjennomsnittleg fot. Likevel vart han som eigde jorda her omtala som "Godseigaren". Alle hadde tydelegvis uvanleg mykje respekt for "Godseigaren", og eg er rimeleg sikker på at han vanlegvis spankulerer rundt i bygda med flosshatt og stav og går på revejakt og snakkar engelsk. I grunnen like greit at me aldri møtte han når eg tenkjer meg om. I Frønningen var det både fint og flått, mest flått. Flåtten har ein lei tendens til å setje seg fast på stader der sola ikkje så ofte skin, men nok om det.

Dag fire fekk kajakkane kvila, då me gjekk på ein strabasiøs fjelltur tur-retur Bleia, 1717 moh. Heile turen var på drøyt 25 km og me brukte i overkant av 10 timar på dette. 700 av høgdemetrane vart forsert i steinur på GPS i skodde, heldigvis letta det på toppen slik at me hadde fin utsikt, blant anna til Balestrand der skribenten har tilbrakt to år på skule. 

Dag fem var me tilbake i kajakkane, grundig tilbake i kajakkane. Seks timar, 30 km, og ein rusten spikar i handa***** seinare kom me til kveldens overnattingsplass, som såg bra ut frå sjøen. 15 grader helning og to kvadratmeter telt fordelt på tre svette karar gav uforståeleg nok lite søvn. Ekstra koseleg er det å finne ein perfekt, 100% horisontal teltplass eit steinsbøkast****** lenger oppe i lia.

Dag seks var meir som ein sjarmøretappe å rekne, med 3 km padling inn til Flåm der turen vart slutta av med Flåmsbanequiz. Alltid tilfredstiljande å vinne konkurransar der totalt unyttig kunnskap blir sett på prøve. (Helge 10 - Runar 7).

Turfakta

Total distanse: Om lag 100 km inkl fot-og padleturar.

Theme song: Rumba med Gunn - Di derre

Snakkis: Stjålen ved

                Optimal avstand mellom leir og feltdass

                Ekstra nyheitsending frå NRK Sogn og Fjordane

                om "Padlarane"

                Helge si lånte luftmadrass.

NB, sjekk ut bildene i linken til høgre!

*Femunden i fjor, Sognefjorden i år. Det er vel strengt tatt ikkje tradisjon før tredje året...

** Jens Arne bråstarta padlekarierra si ei veke før turen tok til.

*** Me sa vel strengt tatt bare "Maybe, we'll just take a look around first" før me padla som galne strake vegen rett vekk i frå teltplassen deira... Dei må jo ha tenkt sitt om norsk folkeskikk...

**** Prøv å skriv ytre på tastaturet ditt. Ganske kjekt!

*****Note to self: Dersom ein skal trø sundt ein gammal kai i eit forsøk på å finne ein lunsjplass, bør ein ikkje ta seg for på ein like gammal palle som ligg på kaien, dette medfører spiker i handa og smerte i kroppen.

******Ett steinsbøkast (=4m) må ikkje forvekslas med eit steinkast. Jens Arne er særs dårleg å kaste, han fekk aldri idrettsmerke på barneskulen på grunn av daudt kast med liten ball.

søndag 27. juli 2008

Ny helgeaktivitet: nattfrisbee

Det er faktisk ganske kult å kaste frisbee i mørkret. Anbefalast!

lørdag 12. juli 2008

Helgekurs: Korleis bli kvitt feriepengane dine. Dag 1: Elektroniske duppedittar og gadgets


Det er sommarferie, feriepenger og returskatt er på plass på kontoen. Maten og seng får du gratis heime, så korleis skal du få brukt opp pengane dine fort og gale? Svaret er enkelt: overbevis deg sjølv om at du er pukka naudt til å skaffe deg ein eller anna gadget. I mitt tilfelle: pulsklokke med GPS!

Nytteverdi:

Klokka har ein finfin funksjon som anslår kor hardt du trener (basert på alder, vekt, høyde, tidligare treningserfaring samt puls og kor lenge økta varer). Søndagsfotballen sist torsdag for eksempel, vart ei "4,2-trening". Skalaen slutter på 5, så dette var rimelig intensivt med andre ord. Dermed veit eg at ein maks bør ha 2 så harde økter i veka, og heller nokre rolegare turar utanom. Supernyttig :-)

Gadgetfaktor:

I tillegg til å måle pulsen, har klokka ein GPS-dings som du fester på kroppen ein eller annan plass. Dermed har du kontroll på fart og distanse. Distanse tilbakelagt på torsdag var 8,4 km på knappe to timar. Kjekt å vite:)

I tillegg ser jo klokka unekteleg kul ut!

Over og ut, 

Helge med ein puls på 74 akkurat no!

søndag 29. juni 2008

Diverse nyhende

Møje så har skjedd denne helgå, me nevne i fleng:

-28. juni blei eg onkel for tredje gong. Kjekt! Liv Sigrid e nyaste skudd på Lauvsnes-treet, med Leifo og Maria som stolte foreldre. Gratulere!

-Same dag padla eg rundt Rennesøy i kajakk. Også kjekt, men litt stress. Itte seks timar og 36 kilometer kom eg tebars te Hellandsvågen der eg starta. Note to self: Litt solkrem vil ikkje skada dersom du planlegge seks timar i solå på sjøen.

-Barnadåp for Alfred på søndag, fryd og gaman. Mest gaman. 

- Helga vart avslutta med søndagsfotball på Vikevåg stadion, og Spania som EM-vinnarar. Også kjekt!

Sjekk ut bildegalleriet, nå oppdatert med bilder frå bilturen heim frå Trondheim, diverse padleturar (Henholdsvis med Runar, Bjørnar og til slutt ein solotur).

mandag 16. juni 2008

Prosjekt "ikkje-server-same-middagen-to-gonger-mellom-jul-og-påske"


Etter at Pål Egil flytta inn til jul, fekk middagskulturen i Udbyes gt 2a ein oppsving av dimensjonar. (Sorry Eimund, pariserpizzaen din var ikkje noko kulinarisk høgdepunkt, spesielt ikkje tredje veka på rad...) Bildet viser Pål Egil som baker kake. Med drill og kalkulator. Slik går det når studentar på gamle NTH tar ansvar på kjøkenet.

Me vart enige om å ha felles mat alle fire (Kai Egil, Pål Egil, Christian (Egil) og Helge (Egil)), og ikkje nok med det: Ingen hadde lov å servere ein middagsrett som allereie hadde vorte presentert på stovebordet tidlegare dette året. Straffa for å kopiere middagsrett var at ein måtte lage dessert i tillegg, men det vart ingen dessert... Her kjem lista over 60 meir eller mindre unike middagsrettar. Rettane er skrivne opp i rekkefølge, nøyaktig slik kokken presenterte dei:

  1. Sursøt saus, kylling, ris                                    PE
  2. Ostepølse, stekte grønnsaker og potetbåtar H
  3. Pasta Carbonara                                                PE
  4. Aure med saus og poteter                                KE
  5. Toro Amerikansk gryte                                    Chr
  6. Pizza med kjøtdeig og bacon                            H
  7. Rester
  8. Laks+potet+spinatting                                     PE
  9. Løvbiff-burger                                                   KE
  10. Bali kyllinggryte m/ ris                                    Chr
  11. Strimla svinekjøt, sitronsaus og tagliatelle    H
  12. Pita - type gresk                                               PE
  13. Kjøtkaker                                                           KE
  14. Bergensk fiskesuppe                                        Chr
  15. Fajitas                                                                 H
  16. Pølse+Tomatsaus+Spaghetti                          PE
  17. Toro Beta-suppe                                               Chr
  18. Kylling+Ovnstekte grønnsaker+Ris              PE
  19. BIG ONE Double Pepperoni                           Chr
  20. Graut, risengryn, 15 min                                 PE
  21. Toro Bolognese Gryte m. spagetti                 Chr
  22. Plukkfisk                                                            H
  23. Pølsegrateng                                                      KE
  24. Pannekake                                                         PE
  25. Toro Gul Ertersuppe m bacon                        Chr
  26. Blodpølse & Kålrabistappe                               H
  27. Jegergryte med potetmos                               KE
  28. Toro Lasagne                                                     PE
  29. Toro Meksikansk gryte                                   Chr
  30. Blomkålsuppe og spekemat                             H
  31. Omelett+Salat+Brød                                        PE
  32. Toro Orientalsk gryte                                      Chr
  33. Kylling, fløytesaus, ris                                      H
  34. Svinekoteletter og grønnsaker, bakt             PE
  35. Brun Lapskaus (ikkje Toro?!)                         Chr      
  36. Fiskeboller                                                         KE
  37. Pita-pizza                                                           H
  38. Pasta+Pølse+Grønnsaker+Salat                    PE
  39. Toro spansk gryte                                            Chr
  40. Pizza med biff og blåmuggost                          KE
  41. Biff, fløytegratinerte poteter, smørdampa brokkoli og steikte tomater  H
  42. Mousaka med aubergin                                   PE
  43. Toro Stroganoff gryte                                      Chr
  44. Panert fisk, kvit saus, potet, brokkoli            KE
  45. Pizza Fresca                                                       H
  46. Pasta-Pesto-salat                                             PE
  47. Pølser & potetstappe                                       Chr
  48. Chilli con carne                                                  KE
  49. Biffpai                                                                  H
  50. Fiskesuppe a la Pål                                           PE
  51. Sweet&Sour, kylling og ris                              Chr
  52. Breiflabb-wok                                                    H
  53. Pastaform, side 68, gresk                                PE
  54. Karbonade med poteter og kålstuing            KE
  55. Pizza Calzone                                                     H
  56. Tacos                                                                 Chr
  57. Ovnsbakt sei, grønnsaker og grønn saus      PE
  58. Marinert ovnsteikt aure, potet og gulrot      KE
  59. Pølse med brød, potetsalat osv                       H         (Første grilldag, 12. mars!)
  60. Marinert kylling, ris, Bernaise +++               KE

Etter å ha digitalisert lista, ser eg at Sursøt saus, kylling og ris er servert to gonger! Christian, du skylder ein dessert! :-) Bra kamuflasjeforsøk var det likevel. 

Dersom nokon ønsker utfyllande opplysningar om matrettane, lyt ein ta kontakt med den respektive kokken.

mandag 9. juni 2008

Masteroppgavå e levert, endelig tid til blogging!


Til alle som har venta i spenning i lang tid på at denne bloggen endeleg skal bli aktiv; Ta da! Til alle som ikkje har venta i det heile tatt; dåkke og e velkomne alså!

Si eg e ny på bloggfronten, tar eg ting i punktform.

1. Masteroppgavå e levert, siving-ringen e på fingen og alt det der. Foreløbig så føles det litt kleint å gå med ring, så me får sjå kor lenge eg gidde å bruga an. Rekne uansett å bli hardt mobba for an når eg komme heim te Øynå... Komme for øvrig heim t Øynå på torsdag. Wohoo!

2. Eg vil bare på forhånd beklaga for at eg kan komma te å omtala meg sjøl i tredje person. Dette e ein miljøskade som skyldes at det ikkje e lov å skriva "eg" i ei masteroppgava. For øvrig stor takk te Anne Brit som gadd å lesa korrektur på oppgavå mi! Orsak: Vidare ønskjer kandidaten å uttrykkje takksemd til Anne Brit Lauvsnes, som har bistande kandidaten med rettskriving.

3. Pakking e gørr. Eg har for mången sko og bukser.

4. Nå e nasjonalsongane ferdige, og Nederland står klar til å knuse Italia i EM. I tillegg e melkeglaset og stratosen klar på bordet, dette må bli ein bra kamp!

Sjekk forresten bildegalleriet, link oppe te høyre på siå.

Snakkes!